Hopp til innhold
X
Innhald

Køyrevegar i Naustdal

Frå Ramsdalsheia på 1950-talet. Truleg er det ei påskehelg då bussar frå Firda Billag frakta skientusiastane opp i skieventyret. Foto utlånt av Firda Sjåførforening.

Frå Ramsdalsheia på 1950-talet. Truleg er det ei påskehelg då bussar frå Firda Billag frakta skientusiastane opp i skieventyret. Foto utlånt av Firda Sjåførforening.

Vegen i Naustedalen

Den gamle bygdevegen frå tidleg 1800-tal gjennom Naustedalen vart opprusta frå 1880-talet og utover, med særleg innsats 1917-1920 til bilvegstandard.

Arbeidslaget som bygde bru ved Byrkjeland har teke seg ein pause i arbeidet. Ukjend fotograf. Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Arbeidslaget som bygde bru ved Byrkjeland har teke seg ein pause i arbeidet. Ukjend fotograf. Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Elvevad over Nausta

Fleire bruer over Nausta vart bygde kring 1840, men i lang tid etterpå nytta folket på Hukset og Grimset på austsida av Nausta eit vad der der var grunt nok til å kome seg over til Skei og bygdevegen på vestsida. Så seint som i 1919 vart det gjort avtale med ein bonde på Skei om at han hadde plikt til å halde køyreveg frå vadet og opp til nyevegen på vestsida. På 1960- og 1970-talet vart den delen av vegen i Naustedalen som var riksveg - d.v.s. til krysset ved Horstad skule, utbetra til tofelts veg.

Flaum i Nausta kunne til tider skape vanskar for dei vegfarande. Dette biletet er teke på Kalland på slutten av 1940-talet. Ein lastebil frå Firda Billag i ruta frå Fimland til Naustdal prøver å kome seg velberga gjennom vassmassane. Sjåføren som står i døra er Edvard Fimland. Foto: Astrid Svoen. Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Vevring-Kvellestad

Arbeidet med å byggje lokalt vegsamband vestover frå Vevring til Kvellestad starta i 1932 frå garden Apalset. Vegen var ferdig til Kvellestad i 1940. Ein del av vegen vart bygd som naudsarbeid for arbeidslause.

Vegen til Åsedalen. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Vegen til Åsedalen. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Veg til Kleppstølen

øvst i Åsedalen vart opna i 1932, men vart utbetra til skikkeleg bilveg først i 1966. Det var den kjende haugianaren Anders Haave og broren som på 1830-talet fekk bygd den første brua over Nausta ved Hovefossen. Denne brua hadde m.a. alle brukarane oppover Åsedalen stor nytte av. Det vart bygt ny bru over Hovefossen på 1950-talet.

Helgås 

fekk køyreveg til gards i 1975. Vegen vart bygd av Jostein Joleik. Vegen vart først bygd til toppen av byggefeltet ved skytebana i 1968/69, vidare til Kletten truleg i 1973, og deretter til Helgås i 1975.

Veg til Kringla

vart opna i 1938. Mykje av vegen vart bygd som naudsarbeid der det kunne arbeide opptil 30 mann for 85 øre timen. I 1963 vart det bygt taubane frå Kringla og ned til hovudvegen på Sæla. Denne vart nytta til mjølketransport frå den brattlendte garden.

Veg til Einevoll

vart ferdigbygd under 2. verdskrig.

Storelia

fekk veg frå Andal kring 1960.

Savland

i Naustedalen fekk ikkje skikkeleg køyreveg til gards før i 1961.

Øvre Kalland

fekk køyreveg til gards i 1968.

På dette biletet ser vi Helle med vegen vestover mot Russenes. Foto: Ottar Starheim, NRK.

På dette biletet ser vi Helle med vegen vestover mot Russenes. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Veg Helle-Russenes

Vegen frå Helle og vestover til Russenes var ferdigbygd til Vatne i 1959, og til Russenes i 1981.

Reinene

er eit gardsbruk i Instedalen som først fekk skikkeleg bilveg til gards i 1977. Før den tid kunne ein på sommarføre berre ta seg til gards med ein treslede. Garden Reinene er så brattlendt at det på 1950-talet vart nytta ein vossavinsj for å dra reiskap og vogner opp bakkane.

Frå riksveg 5 mellom Førde og Naustdal. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Frå riksveg 5 mellom Førde og Naustdal. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Veg Førde-Naustdal

I 1937 vart vegen til Førde opna.

Riksveg 5 Naustdal-Florø

vart opna i 1945, med veg over Ramsdalsheia.

Riksveg 611 Naustdal-Vevring

Vegen frå Naustdal til Andal var ferdig i 1954. Rundkøyringa Naustdal-Stavang- Eikefjord-Naustdal kom ved opninga av Osstrupen bru i Høydalsfjorden i 1977

Seljevoll

er eit gardsbruk vest for Vevring som var mellom dei siste i Naustdal som fekk skikkeleg køyreveg til gards, i 1972.

Hellenes. Hit kom det veg i 1988. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Hellenes. Hit kom det veg i 1988. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Veg til Hellenes

Gardsbruka på Helleneset fekk vegsamband opp til krysset med vegen Helle-Russenes ved Vatnevatnet i 1987-1988.

Naustdalstunnelen

(5960 meter) vart opna i 1995, og korta strekninga Førde-Florø mykje ned.

Sunnfjordtunnelen AS

- sjå Naustdalstunnelen.

Då Naustdalstunnelen vart opna i 1995 korta det ned reisetida mellom Førde og Florø. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Då Naustdalstunnelen vart opna i 1995 korta det ned reisetida mellom Førde og Florø. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.

Sist oppdatert: 06.03.2018