Hopp til innhold
X
Innhald

Køyrevegar i Vik

Vikafjellsvegen har stor turisttrafikk om sommaren. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Vikafjellsvegen har stor turisttrafikk om sommaren. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Lokale vegar i Vik

Om vegane til Bødalen og Ovrisdalen.

Vegen vestover frå Vik

Bilvegen frå Vik og fram til Ligtvor var ferdig i 1939. Samanhengande bilveg frå Vik til Nese i Framfjorden vart opna i 1973.

Vik-Vangsnes

vart opna i 1946, men frå 1940 var det køyrande veg mellom Vik og Vangsnes.

Arbeidsleir med Feios-champagne

I 1957 bygde 31 ungdommar frå heile verda 450 meter veg i Feios.

Vegen opp dalen frå Fresvik. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Vegen opp dalen frå Fresvik. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Veg til Fresvikåsen

(fram til Krossveghola) var ferdig i 1953. Vegen til Fresvikåsen utløyste drift i nokre av dei største og finaste fureskogane i Sogn og Fjordane. Det er rekna at skogen på Fresvikåsen tel opp mot 20.000 dekar produktiv skog. Fresvik Skoglag leia arbeidet med vegen.

Vikafjellsvegen

Arbeidet på Vikafjellsvegen starta i 1930-åra. Vegen vart opna i 1958.

Vegen frå Vangsnes til Fresvik

Vegen austmed fjorden frå Vangsnes til Feios vart opna i 1971. Fem år seinare var også Fresvik knytt til vegnettet.

Veg til Simlenes

Bilvegen ned til Simlenes frå Fresvikåsen vart opna i 1992 og avløyste då ein bratt og svingete kjerreveg.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 15.06.2011