Hopp til innhold
X
Innhald

Kvivsvegen

Statsråd Liv Signe Navarsete opnar Kvivsvegen 22. september 2012. Foto: Øystein Torheim.

Statsråd Liv Signe Navarsete opnar Kvivsvegen 22. september 2012. Foto: Øystein Torheim.

Kviven er eit fjellskar mellom vestre del av Hornindal og Austefjorden i Volda kommune. I 1999 vedtok regjeringa at den framtidige stamvegen - E39 - skal gå i tunnel under Kviven. Dette vart gjort etter at kommunane Hornindal, Stryn, Volda og Ørsta garanterte for 49 millionar kroner til prosjektet, og begge fylkestinga gjekk inn for Kviven som framtidig stamvegline. Anleggsarbeidet starta i 2008. Fram til Kvivsvegen var ferdig gjekk E39 mellom Eid og Volda gjennom Stigedalen.

Brukt i uminnelege tider

Frå eldgamle tider har skaret i Kviven vore ferdsleveg mellom Hornindal og bygdene på Sunnmøre:

Her gjekk ljåsmedane frå Hornindal nedlesste med nysmidde ljåar som dei skulle selje på Sunnmøre. Det hende også at ljåsmedane køyrde med laster over Kviven på skareføre vinterstid - sjå: Smedkulturen i Hornindal.

Kviven er fjellskaret litt til høgre for midten av biletet. Over skaret går ein ferdsleveg som har vore nytta i mange hundre år. No skal ein ny veg sprengjast gjennom fjellet til Sunnmøre. I framgrunnen ser vi Grodås. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Kviven er fjellskaret litt til høgre for midten av biletet. Over skaret går ein ferdsleveg som har vore nytta i mange hundre år. No skal ein ny veg sprengjast gjennom fjellet til Sunnmøre. I framgrunnen ser vi Grodås. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Friarveg til Sunnmøre

Krøterdriftene frå Volda og Ørsta mot Stryn og Jostedalen gjekk denne vegen. Framleis kan ein sjå jernboltar i fjellet på Svoda der dei vart slegne inn til feste for sviller som dyra kunne gå trygt på framom bratte sva. Det var denne vegen kjende spelemenn frå Hornindal drog når dei skulle spele i bryllaup på Sunnmøre, og hitover henta honndølene mang ei gardakone etter friarferd nordom Kviven. Oppe på fjellet har honndøler og austefjordingar møtt kvarandre til årvisse stemne.

Markering av at det kom løyving til Kvivsvegen i statsbudsjettet for 2008 med anleggsstart dette året. Frå v. nestleiar i Kvivsvegen AS, Gunnar Svarstad, styreleiar Svein Sunde, ordførar Bjørn Lødemel i Hornindal og styremedlem Per Maurset. Biletet er teke ved den første anleggsbrakka i Austefjorden på sunnmørssida. Foto: Inge Fænn, Fjordingen.

Markering av at det kom løyving til Kvivsvegen i statsbudsjettet for 2008 med anleggsstart dette året. Frå v. nestleiar i Kvivsvegen AS, Gunnar Svarstad, styreleiar Svein Sunde, ordførar Bjørn Lødemel i Hornindal og styremedlem Per Maurset. Biletet er teke ved den første anleggsbrakka i Austefjorden på sunnmørssida. Foto: Inge Fænn, Fjordingen.

Kviven var skuleveg

Ungdom frå indre Nordfjord som gjekk på skule i Volda i gamle dagar før rutebilane kom, brukte Kviven som snarveg heim. Vel så viktig vart Kviven som skuleveg for mange sunnmøringar som gjekk på Aasvejens Folkehøgskule i Hornindal kring 1890 (sjå skulehistoria). Ein av sunnmørs-elevane var den kjende salmediktaren Anders Vassbotn.

Krav om veg over Kviven

Krav om veg over Kviven

Ferdslevegen over Kviven var så viktig for sunnmøringane at Hjørundfjord kommunestyre alt i 1874 løyvde pengar slik at ferdslevegen over fjellet kunne utbetrast. I 1884 løyvde kommunestyra både i Hornindal, Volda og Hjørundfjord pengar til nye utbetringar.

I 1919 kom Kvivsvegen med i den store samferdsleplanen for Sogn og Fjordane, og sidan den tid har vegprosjektet vore framme fleire gonger, m.a. med ulike tunnelalternativ gjennom fjellet. Alle desse skulle vere korte tunnelar og gå forholdsvis høgt oppe i fjellsida.

Kvivsvegen framtidig stamveg

På 1970-talet, då Hornindal framleis var ein del av Stryn kommune, reiste Stryn kommune på nytt kravet om ein skikkeleg veg gjennom Kviven - den gongen med lina Otterdal-Osdal som den mest aktuelle. Dette vart seinare endra, og det vart vedteke å byggje ein omlag 6000 meter lang tunnel, med høgste punkt på 198 meter.

Ordførar Bjørn Lødemel markerer at byggjearbeidet på Kvivsvegen er i gang. Foto: NRK.

Ordførar Bjørn Lødemel markerer at byggjearbeidet på Kvivsvegen er i gang. Foto: NRK.

Drakamp om linevalet

I Nordfjord vart det sjølvsagt spenningar mellom indre og ytre då det kom på tale å lansere Kvivsvegen som framtidig line for stamvegen Europaveg 39 nord-sør på Vestlandet. Heilt sidan Stigedalsvegen var ferdig i 1932, hadde denne vorte rekna som den sjølvsagte hovudlina mellom Nordfjord og Sunnmøre. Dette «midtre» sambandet vart seinare forsterka med Lotetunnelen i 1966.

Kompromisset vart at ein skulle sikte mot Kvivsvegen som framtidig line, men ruste opp noverande veg over Bjørkedalen-Stigedalen som mellombels line inntil Kvivsvegen var ferdig.

I 1999 stadfesta Miljøverndepartementet denne løysinga i samband med vurderinga av at Stigedalsvegen går ved sida av eit verna vassdrag. Regjeringa slutta seg til dette i vedtak den 20. august 1999. Anleggsarbeidet på Kvivsvegen starta i 2008, og vegen vart opna for trafikk 22. september 2012 av kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete. Inntil vidare har Kvivsvegen stamvegstatus som ein del av E39. Samla veglengde er 17.210 meter, og vegen kosta vel ein milliard kroner.

Ferjefritt austover

Med Kvivsvegen ferdig fekk store delar av Sunnmøre «direkte» og ferjefri line austover over Strynefjellet, og på nord-sør-lina på Vestlandet kan ein køyre ferjefritt heilt frå Sognefjorden og til store delar av Sunnmøre ved å køyre om indre Nordfjord via Breim-Stryn-Hornindal.

Frå opninga av Kvivsvegen, midt inne i tunnelen. Foto: Øystein Torheim.

Frå opninga av Kvivsvegen, midt inne i tunnelen. Foto: Øystein Torheim.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 26.09.2012