Hopp til innhold
X
Innhald

Liabøbåtane

Liabø. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Liabø. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Mads Liabø (1864-1959) kom frå garden Liabø. Kring 1905 fekk han starta tre smørmeieri i Sunnfjord og starta eksport av smør til England. Eksporten tok slutt då 1. verdskrig braut ut i 1914.

Ein av båtane til Liabø - Dagning.

Ein av båtane til Liabø - Dagning.

I 1915 kjøpte han den første motorbåten og starta skyss- og fraktfart på Vestlandet. Sønene Johannes, Nikolai, Ingolf, Olav og Anfinn tok del i båtdrifta, og innan ti år hadde Liabø-karane i alt fem båtar i flåten sin. Liabø slippsette og pussa båtane sine i Båtvika.

Etter kvart som dei nye vegane vart bygde ut til bygdene langs Førdefjorden, vart det mindre skyssing. Olav Magnus og Anfinn Liabø flytta då verksemda si til Florø der dei sidan dreiv med m.a. skulekyss og ambulanse mellom øyane i Flora kommune.

Ingolf flytta til Førde og dreiv med fraktebåt derfrå, og Johannes Liabø heldt fram med båtskyss mellom Naustdal og Vevring inntil vegen der var ferdig i 1970.

Også Annanias T. Frammarsvik kjøpte seg skyssbåt i 1928 og dreiv med skyssfart.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 20.12.2009