Lokale rutebillag

Persontransporten til Loneland og Tuland var ikkje heilt på dagens standard i 1930. Ukjend fotograf, eigar Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Loneland og Tuland Billag
vart starta i 1930 av Anders Loneland og Hans Tuland.
Hans Hovlandsdal
dreiv lastebiltransport med ein liten Chevrolet lastebil i mellomkrigstida. I 1935 starta Jacob Fortun frå Dale og Johannes Flekke frå Flekke med vanleg drosjebilkøyring.
Dalsfjord og Ytre Sogn Billag
vart skipa av Fylkesbaatane i 1938. Laget hadde bilruter i Lavik, Hyllestad og Fjaler, og gjekk inn i Firda Billag i 1946. Då disponerte det lokale selskapet fem bussar og ein garasje i Dale. Firda Billag starta i 1989 ei kombinert passasjer- og lasterute Dale-Bergen tre gonger i veka. Den kom som erstatning då båtrutesambandet Bergen-Dalsfjorden vart lagd ned.
Firda Billag
- sjå Dalsfjord og Ytre Sogn Billag. Les meir om Firda Billag under Førde kommune.
Kjelder
Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane
Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014.
I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. Dette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til den nye eigaren.
Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane.
Sist oppdatert: 08.10.2010