Lokale vegar i Vik

Bødalen fekk ny køyreveg til Flatbygdi i 1916. Foto: Ottar Starheim, NRK.
Vegen frå Flatbygdi og opp i Bødalen hadde ein skrøpeleg kjerreveg frå kring 1820. Denne vart utbetra og forsterka med nye bruer frå 1860 og utover. Ny køyreveg var ferdig i 1916.
I det austlege dalføret frå Flatbygdi og opp til Seljedalen og Ovrisdalen vart det bygt enkle kjerrevegar tidleg på 1800-talet. Det gjekk seint å få opprusta desse vegane. Vegen i Seljedalen var ferdig som bilveg like før 2. verdskrig, medan vegen opp Ovrisdalen ikkje var fullført før i 1960.

Ovrisdalen fekk veg i 1960. Foto: Ottar Starheim, NRK.
Kjelder
Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane
Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014).
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.
Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.
Sist oppdatert: 15.06.2011