Loneland og Tuland Billag

vart starta i 1930 av Anders Loneland, Hans Tuland og Hans L. Hovlandsdal.
I 1928 hadde Anders Loneland kjøpt den første bilen til Fjaler – ein liten Chevrolet lastebil. Året etter kjøpte Hans Tuland ein Ford lastebil, og same biltypen skaffa Hans L. Hovlandsdal seg litt seinare. Det lokale rutebillaget dreiv gods- og passasjertransport på vegane mellom Dale, Flekke og Guddalen. Det var vanleg i mellomkrigstida at passasjerar vart frakta på lasteplanet på vanlege lastebilar.
Billaget hadde også rute sørover til Skor over Den trondhjemske Postvei. Den gamle postvegen var framleis så dårleg - særleg ved Skor-Solås der den gjekk over glatte svaberg – at det er lite truleg at dei første lastebilane våga seg over mot Leirvik med større last. Difor vart Skor endepunktet på ruta. Loneland og Tuland Billag vart avvikla i 1938.
- Sjå elles under Næring - artikkelen: Første lastebilen i Fjaler.
Kjelder
Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane
Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014).
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.
Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.
Sist oppdatert: 08.10.2010