Hopp til innhold
X
Innhald

Losane på Silda og Kråkenes

Silda og Sildegapet med Selje i bakgrunnen. Foto: Stig Silden.

Silda og Sildegapet med Selje i bakgrunnen. Foto: Stig Silden.

Stadhavet og havet kring Vågsøy er eitt av dei mest verharde havstykka langs Norskekysten, med mange livsfårlege båar og fall. Då var lokalkjende losar gode å ty til.

I noverande Vågsøy kommune var det losstasjonar på Kråkenes og på Silda. Nord for Sildagapet, ytst på Stadhalvøya, var det losstasjonar i Ervik og i Honningsvåg. Fleire av desse losane kring Stadhavet var i sving heilt til kring 1900.

Fram til 1870 var området kring Stad eige losoldermanndistrikts. Den lokale leiaren for losvesenet, losoldermannen, var busett på Vågsberget.

Navigerte etter lyden på fallgarden

Før 1870 fanst det ikkje eitt einaste fyr korkje i skipsleia og for fiskefelta mellom Kinn ved Florø og Runde på Sunnmørskysten. Når losane kring skulle navigere i mørke, måtte dei difor lye til lyden i falla for å finne fram. Kvart fall hadde nemleg sin eigen tone eller lyd. Då la dei røynde losane øyra til skipsdekket for å høyre etter lyden på dei ulike falla, og såleis rekne ut kor langt unna fallgarden skipet sigla. Loshamna i Kråkeneset var i tillegg svært dårleg, og det var ofte med livet til låns at los og mannskap kom seg ut med losbåten.

Kråkenes og Sildegapet sett frå Drage på Stadlandet. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Kråkenes og Sildegapet sett frå Drage på Stadlandet. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Fire timar over fjellet

I gamle dagar kunne losane vere heimanfrå i vekesvis når dei fekk oppdrag på ei skute. Så var det å ta seg heim att som best dei kunne; som tilfeldig skyss på jekter og seglskip, eller seinare med rutebåt. I tillegg til båtferda, måtte losane på Kråkenes også ta seg fram over det verharde Kråkenesfjellet før dei var heime, vinter som sommar. Turen over fjellet tok fire timar.

Losyrket var livsfårleg

Dei lokale losane brukte vanlege robåtar når dei tok seg ut til seglskipa som bad om assistanse. Det seier seg sjølv at losyrket på Stadhavet var eit livsfårleg yrke som kravde mange liv. I 1862 omkom den vidgjetne losen Velum i Sildene – Villum Jonson Silda fødd 1829 – og fem rorsdrengar då dei skulle berge den stormslitne skonnerten «Marie» ved Silda. Ei like stor ulukke hende i ein septemberstorm i 1849 då fire rorskarar til losen i Honningsvåg drukna ved flua Stålet på Stad.

- Les elles om store skipskatastrofar på Stadhavet under Ulukker i Selje.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 16.04.2010