Hopp til innhold
X
Innhald

Lunden første stoppestad

Heilt frå 1840-talet var Lunden ved utløpet til Sogndalsfjorden stoppestad for dei første dampskipa som tok til å trafikkere postruta Bergen-Lærdalsøyri - sjå: Dei første dampbåtrutene.

Heilt frå starten av Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane i 1858, vart også Lunden stoppestad for «amtsbåten». På 1880-talet vart rutestoppen flytta til kaia på Slinde, der det var båtrute heilt fram på 1960-talet.

Aksjon for Fylkesbaatane

På same vis som i Fardal, sløyfa Fylkesbaatane Slinde som stoppestad fordi dei møtte sterk konkurranse frå ein privatdriven rutebåt som heitte «Odnen».

Den lokale handelsmannen på Slinde fekk varene med denne båten. I 1925 skreiv 30 personar på Slinde og Nordnes under på eit skriv der dei lova å ikkje handle hjå den lokale kjøpmannen så lenge han fekk varene leverte med den private rutebåten. Lojaliteten til Fylkesbaatane vart verdsett av direksjonen, som tok opp att Slinde på seglingsplanen.

Lunden på Slinde i 2007. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Lunden på Slinde i 2007. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 18.08.2011