Hopp til innhold
X
Innhald

Måløy havnevesen – Nordfjord havn

Måløy i 2007, då containertrafikken framleis vart ekspedert på Gotteberg. I 2008 vart dette flytta over Ulvesundet til Trollebø. Foto: Arild Nybø, NRK.

Måløy i 2007, då containertrafikken framleis vart ekspedert på Gotteberg. I 2008 vart dette flytta over Ulvesundet til Trollebø. Foto: Arild Nybø, NRK.

Måløy fekk sitt første hamnestyre i 1904, då Selje kommunestyre valde det første styret for «Sæternes og Skramsviken». Fiskebåtreiarane og sat i det første hamnestyret.

Dei første 30 åra låg Måløy hamn under hamneadministrasjonen i Florø. I 1934 fekk Måløy ei meir sjølvstendig stilling. Men først i 1967 vart Måløy eige hamnefut-distrikt.

Nordfjord havn

I 2002 vart Måløy hamnedistrikt ein del av det interkommunale Nordfjord havn IKS. Selskapet vert leia av ein hamnedirektør og femner kommunane Vågsøy, Selje, Eid, Gloppen og Stryn. M.a. eig selskapet den store turistskipskaia i Olden.

I Måløy er Nordfjord havn største grunneigar med m.a. den store containerterminalen på Gotteberg, rutebåtkaia på Skram, der også administrasjonen er plassert, Fiskerikaia og andre hamneanlegg på Moldøen og nye containeranlegg på Trollebø. I 2008 var terminalen på Trollebø så godt utbygd at all ekspedering av containerskip vart flytta over frå Gotteberg til Trollebø.

Nordfjord Havn har og ansvaret for Måløy Småbåthavn, som i 2013 vart oppgradert og kan ta imot rundt 70 båtar.

Containerskip ved kai på Gotteberg. Foto: Arild Nybø, NRK.

Containerskip ved kai på Gotteberg. Foto: Arild Nybø, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 30.04.2014