Hopp til innhold
X
Innhald

Måløyferja

Måløyferja var det einaste sambandet til fastlandet som folket på Vågsøy hadde heilt fram til Måløybrua vart teken i bruk like før jul i 1973.

Men «Måløyferja» var ikkje den første då den starta i 1953: Då riksvegen fram til Deknepollen vart opna i 1945, starta Wilhelm Oksholen frå Tennebø passasjerfrakt med motorbåten «Falken» mellom Deknepollen og Måløy. Båten kunne ta 14 passasjerar.

Fiskebåt som ferje

Då riksvegsambandet til Måløy vart offisielt opna i 1948, tok Fylkesbaatane over ferjestrekninga. Det vart bygd ferjelemmar i Deknepollen og ved Torgkaia i Måløy. Fylkesbaatane leigde fiskebåten «Halnes» som vart sett inn i frakta av bilar og passasjerar over Måløysundet. Bilane vart køyrde inn på tvers over dekk, noko som var upraktisk og skapte mykje heft på ombord- og ilandkøyring.

Næringslivet greip inn

Det var stor misnøye med det primitive ferjetilbodet, og i 1953 skipa næringslivsfolk i Måløy trafikkselskapet «Måløyferja AS». Dei kjøpte den gamle ferja «Ørnen» i Danmark og sette den i trafikk i juni 1953.

I 1953 skipa næringslivsfolk i Måløy trafikkselskapet «Måløyferja AS». Dei kjøpte den gamle ferja «Ørnen» i Danmark og sette den i trafikk i juni 1953. Foto av «Ørnen» som legg til kai i Deknepollen. Til venstre står forretningsførar Bernt Borgundvaag, til høgre styremedlem og aksjonær i Måløyferja AS, Nils J. Blaalid. Foto: Fjordenes Tidende.

I 1953 skipa næringslivsfolk i Måløy trafikkselskapet «Måløyferja AS». Dei kjøpte den gamle ferja «Ørnen» i Danmark og sette den i trafikk i juni 1953. Foto av «Ørnen» som legg til kai i Deknepollen. Til venstre står forretningsførar Bernt Borgundvaag, til høgre styremedlem og aksjonær i Måløyferja AS, Nils J. Blaalid. Foto: Fjordenes Tidende. 

Ferjer bygde på Raudeberg

Men «Ørnen» vart raskt for lita, og i 1955 bygde Blaalid Slip og Mek. Verksted på Raudeberg den første «Måløyferja». Seinare bygde verftet fleire ferjer til Måløyferja AS. I det siste driftsåret før brua opna, frakta Måløyferja AS 427.000 passasjerar, 11.500 lastebilar og bussar og kring 66.000 personbilar over Måløysundet.

Måløyferja. Privat foto.

Måløyferja. Privat foto.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 23.10.2017