Hopp til innhold
X
Innhald

Naustdalstunnelen

45 kroner, takk. Naustdalstunnelen og vegutbetringa mot Florø vart delvis betalt av trafikantane. Foto: Ottar Starheim, NRK.

45 kroner, takk. Naustdalstunnelen og vegutbetringa mot Florø vart delvis betalt av trafikantane. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Fiskeindustrien i Florø fekk eit oppsving att på 1970-talet, og det vart stor trafikk med fisketrailerar mot Austlandet. Fisketransporten saman med mykje transport til skips- og oljeindustrien i Florø gjorde at det vart reist sterke krav om betre vegsamband frå Florø til Naustdal.

Første problemet vart løyst i 1985 då ein tunnel avløyste den rasfarlege vegen framom Sundefjellet vest for Eikefjord. Men den verste flaskehalsen var likevel strekninga frå Ramsdal til Naustdal over Ramsdalsheia, der store trailerar ofte stod fast på den bratte og smale vegen. Tunnelen gjennom sjølve heia vart, som eit strakstiltak, utvida slik at dei store lastevognene kunne kome gjennom. Eit framlegg om å ruste riksvegen over Ramsdalsheia opp til fullgod standard med to felt vart forkasta av næringslivet. I staden satsa ein på ein ny, lang tunnel gjennom fjellet frå Svarthumle til Naustdal.

Bomstasjonen på Svarthumle på vestsida av Naustdalstunnelen. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Bomstasjonen på Svarthumle på vestsida av Naustdalstunnelen. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Bompengefinansiering

I 1992 godkjende Stortinget planen som m.a. innebar bompengefinansiering av ein del av kostnaden. Bompengeselskapet Sunnfjordtunnelen AS skulle stå for administrasjonen av bompengeinntektene. Leiar for bompengeselskapet vart tidlegare ordførar i Naustdal, Per Storegjerde.

Den 5960 meter lange Naustdalstunnelen vart opna i 1995 av samferdsleminister Kjell Opseth. Tunnelen korta køyretida mellom Førde og Florø ned med kring 15 minuttar.

Frå slutten av 1990-talet vart det arbeidd intenst med opprusting av riksveg 5 på Flora-sida av fjellet, og vegsambandet Florø-Førde med gul midtstripe heile vegen var fullført og opna av samferdsleminister Torill Skogsholm (V) i juli 2005.

Bompengar til 2010

Mykje av dette arbeidet vart mogeleg ved at bompengeselskapet Sunnfjordtunnelen AS fekk løyve til å forskottere 126,5 millionar kroner av byggesummen. For å få dette til, fekk ein løyve til å drive bompengeinnkrevjing ved tunnelopninga på Svarthumle-sida inntil dette beløpet var inntent. Naustdalstunnelen vart dermed det første bompengefinansierte vegprosjektet i Sunnfjord. Bompengeinnkrevinga vart avslutta i 2010. Då var vegutbetringa nedbetalt.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 13.12.2010