Hopp til innhold
X
Innhald

”Nesjar” og Hestenesøyra

I 1922 skipa 12 personar på Hestenesøyra eit aksjelag og kjøpte ein hurtiggåande skyssbåt som dei døypte om til «Nesjar».

I 1922 skipa 12 personar på Hestenesøyra eit aksjelag og kjøpte ein hurtiggåande skyssbåt som dei døypte om til «Nesjar».

Båten var opphaveleg bygd som hjelpekryssar for den danske marinen. Etter ein periode som assistansebåt for sjøflyavdelinga i den norske marinen hadde båten hamna i Bergen under namnet «Else». «Nesjar» vart nytta som skyssbåt for lege og dyrlege, som vanleg skyssbåt og til kyrkjeskyss. Under 2. verdskrig vart båten rekvirert til patruljeoppdrag kring Florø. Skyssbåten var i bruk heilt til Hestenesøyra fekk vegsamband i 1972.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 11.01.2011