Hopp til innhold
X
Innhald

Ny veg gjennom Våtedalen

Frå 1889 måtte kyrne finne seg i å dele Våtedalen med stadig aukande trafikk av hestekjerrer og etter kvart bilar. Foto: Olai Fauske. Eigar: Inge Grov/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Frå 1889 måtte kyrne finne seg i å dele Våtedalen med stadig aukande trafikk av hestekjerrer og etter kvart bilar. Foto: Olai Fauske. Eigar: Inge Grov/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Då vegen gjennom Våtedalen mellom Jølster og Breim vart bygd i 1889, var det eit svært gamalt vegkrav som vart innfridd. Alt i 1829 hadde framståande personar i Gloppen fremja krav om at ein slik veg måtte avløyse roturen over Breimsvatnet. Sambanda over vatna var særleg sårbare om vinteren med dårleg is, og både på Breimsvatnet og Jølstravatnet hende det mange ulukker fordi folk gjekk gjennom meinis og drukna.

Kampen om turistane

Vegen gjennom Våtedalen i 1889 vart eit tideskifte for innlandskommunen Jølster. Ruta Vadheim-Sandane vart ei av dei mest attraktive turistrutene på Vestlandet. På kort tid grodde det opp tett med turisthotell langs ruta. Etappane mellom skysstasjonane var forholdsvis korte så lenge ein brukte hest, og dette gav levekår for hotell både i Vadheim, på Sande i Gaular, i Førde, på Vassenden, på Skei, på Egge i Våtedalen, på Byrkjelo og Reed i Breim og ved endepunktet Sandane.

I mange år var vegen gjennom Våtedalen svært utsett for flaum. Dette biletet er frå 1955. Foto: Lars Fjell. © Fylkesarkivet.

I mange år var vegen gjennom Våtedalen svært utsett for flaum. Dette biletet er frå 1955. Foto: Lars Fjell. © Fylkesarkivet.

Fiendar av bilismen

I sommarsesongen fekk bøndene gode ekstrainntekter som skysskarar for turistane med hest og karjol. Det var ikkje rart at dei såg automobilen som eit trugsmål for næringsgrunnlaget då den gjorde sitt inntog kring 1910. Det same gjorde dei fleste hotelleigarar på strekninga mellom Vadheim og Sandane. Dei såg føre seg at turistane kom til å stige i land frå fylkesbåten i Vadheim og gå rett inn på automobilen, og så ville dei fyke framom utan mellomstopp direkte til Sandane. I 1911 allierte difor vognmenn og hotelleigarar seg i eit protestkriv der dei kravde forbod mot biltrafikk på strekninga Vadheim-Sandane. På den andre fløya ivra hotelleigar C.A. Ryg ved Hotel Gloppen på Sandane og hotelleigarar i indre Nordfjord for å få i stand denne bilruta.

Eigaren av Skei Hotel var først mot biltrafikk, men seinare vart han med i styret for Fjordenes Automobilselskap. Privat foto, eigar Skei Hotel.

Eigaren av Skei Hotel var først mot biltrafikk, men seinare vart han med i styret for Fjordenes Automobilselskap. Privat foto, eigar Skei Hotel.

Første bilen og Fjordenes Automobilselskap

I 1910 sende bilentusiastane første søknaden, og i 1912 køyrde ein innleigd hotellbil frå Karl Mjelva i Geiranger den første prøveturen Sandane-Vadheim. I desember 1912 var A/S Fjordenes Automobilselskap eit faktum. Hotelleigar Tollef Skrede ved Skei Hotell var først imot bilen, men hadde tydeleg vorte omvend, for no kom han med i styret for Fjordenes Automobilselskap. Selskapet vart grunnstammen i det som seinare vart Firda Billag, skipa i 1920.

Ras, fonnvind og flaum

Vegen gjennom Våtedalen kunne tidlegare vere nokså nervepirrande å køyre, for i dei bratte fjellsidene går det ei rekkje snøskreder, og før det vart bygt fonnvern kom mange av dei ned på vegen. I tillegg kunne vind frå snøskreder sope bilane av vegen. I tillegg kunne elva gjennom dalen i periodar med mykje regn og snøsmelting gå flaumstor og stengje vegen. Men i dag har rasvollar og elveforbygging fått bukt med det meste av dette trugsmålet. I tillegg har vegen gjennom Våtedalen, som er ein del av E39, fått god standard.

Dagens E39 gjennom Våtedalen. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Dagens E39 gjennom Våtedalen. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 17.01.2012