Hopp til innhold
X
Innhald

Opprusting av E39

E39 på Kleivedammen ved Sandane. Den nye vegtraséen går utanom tettstaden. Foto: Ottar Starheim, NRK.

E39 på Kleivedammen ved Sandane. Den nye vegtraséen går utanom tettstaden. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Europaveg 39 er stamvegen gjennom Vestlandet, og vert kalla Kyststamvegen. Gjennom Gloppen kommune går den frå Våtedalen i sør og til ferjeleiet på Anda i nord. I 1978 vart den smale og farlege riksvegen langs Breimsvatnet kring Breimsfjellet avløyst av ny veg med to tunnelar; den lengste på 868 meter og den kortaste på 170 meter. Frå slutten av 1970-talet og fram til midten av 1990-talet vart også E39 gjennom Våtedalen frå Byrkjelo til Grungen i Jølster lagd om og utvida. Ei ny strekning av E 39 frå Kleivedammen på Sandane til Hjelmeset vart teken i bruk hausten 2001. Dermed vart Sandane sentrum fri den tunge gjennomgangstrafikken.

Dei som klagar på dagens vegstandard kan ta ein kik på dette biletet frå 1955 på vegen mellom Kleivedammen og Sandane. Fram til 2001 gjekk E39 på denne vegstrekninga, rett nok med litt breiare veg enn då dette biletet vart teke. Foto: Ola Nyhagen.

Dei som klagar på dagens vegstandard kan ta ein kik på dette biletet frå 1955 på vegen mellom Kleivedammen og Sandane. Fram til 2001 gjekk E39 på denne vegstrekninga, rett nok med litt breiare veg enn då dette biletet vart teke. Foto: Ola Nyhagen.

Planar om bru over Nordfjorden

I Nordfjord vert det arbeidd for å få ferjefri kryssing av fjorden ved Lote-Anda. Det mest aktuelle alternativet er ei bru til 1,7 milliardar kroner. Det er også vurdert flytebru, tunnel i røyr og undersjøisk tunnel. Det dyraste alternativet er kostnadsrekna til 3,2 miliardar kroner. I 2007 vart det skipa eit aksjeselskap som skal arbeide for bru for E 39 over Nordfjorden frå Anda til Lote. Aksjonærar er Eid og Gloppen kommunar, næringslivet i begge kommunar, Sogn og Fjordane fylkeskommune og Sparebanken Sogn og Fjordane. Dessutan har Hornindal kommune og Sparebanken Vest ytt tilskot til selskapet. Men i juni 2014 avgjorde regjeringa Solberg at E39 i framtida skal gå i tunnel under Utvikfjellet og med bru mellom Frøholm og Faleide i Stryn kommune. Dermed vil det framleis gå ferje mellom Lote og Anda.

- Les elles historia om Lotetunnelen og diskusjonane om kvar ferjeleiet på sørsida skulle liggje i eigen artikkel under Eid kommune.

Eitt av utkasta til bru mellom Lote og Anda. Montasje: Aas-Jakobsen.

Eitt av utkasta til bru mellom Lote og Anda. Montasje: Aas-Jakobsen.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 10.06.2014