Planar om flyplass i Gaupne

På Grandane var det planar om flyplass. Foto: Arild Nybø, NRK.
I samband med dei store kraftutbyggingane i Leirdøla på 1970-talet fekk Luster kommune gjennomslag for kravet om at Staten skulle yte aktiv hjelp til å skaffe Luster kommune varige industriarbeidsplassar i byte for kraftressursane.
Dette resulterte i at Akergruppen ei tid vurderte å byggje ein fabrikk i Gaupne for produksjon av stålkonstruksjonar til oljefelta i Nordsjøen. Kommunen fylte ut eit industriområde på 200 dekar på Grandane i Gaupne og vona på 200-300 arbeidsplassar innan kort tid.
I samband med industrietableringa var det også på tale å bruke ein del av arealet langs elva til ein småflyplass.
Les meir om prosjektet under Store industriplanar i Gaupne.
Kjelder
Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane
Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014).
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.
Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.
Sist oppdatert: 29.03.2011