Hopp til innhold
X
Innhald

Post i Balestrand

Prospektkort frå tidleg på 1900 talet frå Nessane, eller Ytre Kvamsø som det står på kortet. Skipet som er i ferd med å legge til kai er truleg Fjalir. Foto: T. Næss. © Fylkesarkivet.

Prospektkort frå tidleg på 1900 talet frå Nessane, eller Ytre Kvamsø som det står på kortet. Skipet som er i ferd med å legge til kai er truleg Fjalir. Foto: T. Næss. © Fylkesarkivet.

Det første postkontoret kom på Flesje

«Flesche» postopneri vart skipa i 1836 som det første i noverande Balestrand kommune.

Balestrand

– sjå Det første postkontoret kom på Flesje .

Nessane

fekk postopneri ved dampskipskaia i 1878 og med Klaus E. Nesse som første styrar. Postopneriet heitte Kvamsø fram til 1890, då namnet vart endra til Ytre Kvamsø. Frå 1919 vart handels- og industrimannen Erling Nesse poststyrar, og sonen Kåre Nesse tok over etter faren i 1949. I 1921 vart postkontornamnet fornorska til Ytre Kvamsøy, og i 1937 endra til Nessane. I 1973 vart det underpostkontor, men fekk tilbake status som postkontor i 1977. Postkontoret vart lagt ned i 1997, og folket i Nessane fekk etter dette postadresse Balestrand.

Kvamsøy fekk postkontor i 1890. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Kvamsøy fekk postkontor i 1890. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Kvamsøy

«Indre Kvamsø» fekk postopneri ved dampskipskaia i 1890. I 1921 vart adressa endra til Indre Kvamsøy og i 1938 til berre Kvamsøy. Postopneriet vart lagt ned i 1966.

Ulvestad

i Vetlefjorden fekk postopneri i 1893 med handelsmann John Bøthun som styrar. I 1921 vart namnet endra til «Ulvastad» og i 1924 til Vetlefjorden. I 1973 fekk det status som underpostkontor og i 1976 som såkalla postkontor C. Det vart lagt ned i 1981, og Vetlefjorden innordna under Balestrand.

Ulvestad i Vetlefjorden. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Ulvestad i Vetlefjorden. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Lånefjorden

fekk postopneri i 1896 med dampskipsekspeditør Peder L. Bolstad som første styrar. I 1917 vart namnet endra frå «Laanefjorden» til Lånefjorden. Frå 1973 vart det underpostkontor, og frå 1977 postkontor C, fram til det vart lagt ned i 1980 og innordna under postkontoret i Nessane.

Sværefjorden

fekk postopneri i 1898 med landhandlar og dampskipsekspeditør Mons H. Farnes som styrar. Postopneriet vart lagt ned i 1971 og innordna under Balestrand.

Dragsvik

fekk såkalla sesongbrevhus i 1962, d.v.s. at Dragsvik hadde brevhuset ope i turistsesongen frå byrjinga av mai til ut september. Sesongbrevhuset vart lagt ned i 1974, og postadressa for Dragsvik-grenda vart deretter Balestrand.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 27.07.2011