Post i Høyanger
Svein Sognnes syter for at folk på Høyanger sørside får posten sin. Foto: Ottar Starheim, NRK.
Dei første postrutene
Den første faste postruta på langs av Sognefjorden starta i 1836, og Lavik var mellom stadene som då fekk postopneri. I 2010 la Posten ned postkontoret i Høyanger, og sidan har innbyggjarane i kommunen i staden fått post i butikk-ordning.
Lavik
fekk postopneri i 1836. Det vart tilsett tre postopnarar som sorterte under ”Ladevig” postopneri, som det den gongen heitte. Desse postopnarane var plasserte i Lavik, Måren og Leirvik. Det er ikkje kjent kven dei første poststyrarane var, men i 1866 er ein C. Parelius nemnd i Lavik, og etter han kom distriktslege J.M.Thorsen. I 1889 vart adressa til postkontoret endra til Lavik. I 1973 vart kontortet underpostkontor og i 1977 postkontor C.
Ladevig
– sjå Lavik.
Måren fekk postopnar alt i 1836. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.
Måren
fekk postopnar i 1836 på same tid som det vart skipa eit postopneri i Lavik. Postadressa var Maaren fram til 1849. Frå 1949 til 1854 var adressa Maaren i Vig i Sogn, og frå 1855 tilbake til Maaren som postadresse. I 1860 vart postopneriet i Maaren lagt ned og flytta sør om fjorden til Ortnevik der gjestgjevar Magnus Fasting vart første styrar. Samstundes fekk det poststempelet Ortnevig. I 1890 vart poststempelet endra til Ortnevik. I 1973 vart dette postopneriet endra til underpostkontor og i 1977 postkontor C. Det vart lagt ned i 1991 og innordna under Bjordal. Men i Måren på nordsida vart det i 1882 på nytt skipa eit postopneri med handelsmann Michal Nimb som første styrar. Det vart fram til 1917 kalla ”Nytt Maaren” postopneri, men heitte frå 1917 berre Måren. I 1973 vart det underpostkontor, i 1977 postkontor C og det vart lagt ned i 1983.
Nytt Maaren
– sjå Måren.
Ortnevik
–sjå Måren.
Vadheim fekk postkontor i 1860. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.
Vadheim
fekk postopneri i 1860 med Sjur Hansen Vadem (Sjur i Veim) som første styrar. Postadressa fram til 1891 var Vadem, og frå 1891 til 1907 Vadeim. Sidan 1907 har det heitt Vadheim. Arne Olsen Berkvam vert i 1867 omtala som postførar på strekninga frå Vadheim til Ålhus i Jølster. I 1973 vart Vadheim underpostkontor og i 1977 postkontor C.
Vadem
– sjå Vadheim.
Vadeim
– sjå Vadheim.
Kyrkjebø
fekk postopneri i 1876 med landhandlar Andreas E. Ramslie som første styrar. I 1921 vart postadressa endra frå Kirkebø til Kyrkjebø. I 1973 vart statuen endra til underpostkontor, i 1977 til postkontor C, og kontoret vart lagt ned i 1997.
Kirkebø
– sjå Kyrkjebø.
I den næraste bygningen var det tidlegare postkontor i Bjordal. No er det post i butikk i huset som står vegg i vegg, medan Sparebanken Sogn og Fjordane disponerer dei tidlegare postlokala. Foto: Ottar Starheim, NRK.
Bjordal
fekk postopneri i 1883 med gardbrukar Ole A. Bjordal som første styrar. I 1973 vart det omgjort til underpostkontor og i 1977 til postkontor C. Bjordal fekk post i butikk i 1999.
Tredal
fekk postopneri i 1889 med gardbrukar Torkel Lasseson Trædal som første styrar. Fram til 1891 stod det Trædal på poststempelet. Tredal vart endra frå postopneri til brevhus i 1964.
Trædal
– sjå Tredal.
Torvund
fekk postopneri i 1891 med dampskipsekspeditør kristian K. Torvund som første styrar. Postopneriet i Torvund vart lagt ned i 1964 og innordna under Lavik.
Norevik
Vikum postopneri låg i Norevik i Sogn, i Lavik og Brekke herad. Det vart opna i 1898 med landhandlar og dampskipsekspeditør Bernt Larsen som styrar. På poststempelet stod det Vikum.
Lavikdalen
Hjelmeland i Lavikdalen fekk brevhus i 1898. Brevhuset vart omgjort til postopneri i 1910 med gardbrukar Mathias K. Hjelmeland som første styrar. I 1973 vart det underpostkontor og året etter vart det lagt ned og innordna under Lavik.
Hjelmeland i Lavikdalen
– sjå Lavikdalen.
Strandos i øvre Lavikdalen (midt i biletet) hadde både brevhus og telefonsentral. Foto: Stian Sjursen Takle, NRK.
Strandos
i Lavikdalen fekk brevhus i 1898 med adressa Strandaas i Lavik. I 1917 vart adressa Strandås i Lavik, noko seinare berre Strandås og frå 1961 endra til Strandos. Brevhuset vart lagt ned i 1962 og innordna under Lavik.
Strandaas i Lavik
– sjå Strandos.
Strandås i Lavik
– sjå Strandos.
Instevik
på Strendene vest for Ortnevik fekk brevhus i 1906. Fram til det endra status til postopneri i 1910, var postadressa Jægtevik. Dampskipsekspeditør Johan R. Vikne var første postopnar. I 1973 vart statusen endra til underpostkontor, i 1977 til postkontor C, og det vart lagt ned og innordna under Ortnevik i 1983.
Jægtevik
– sjå Instevik.
Søreide
fekk postopneri i 1911 med Birger H. Søreide som første styrar. Namnet vart i 1929 endra til Søreide i Sogn. I 1973 vart det underpostkontor og i 1975 gjekk ein tilbake til poststempelet Søreide. I 1977 vart Søreide postkontor C og det vart lagt ned og innordna under Bjordal i 1983.
På Nordeide var det postkontor i denne bygningen til 1970. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.
Nordeide
fekk postopneri i 1912 med gardbrukar Andreas Nordeide som første styrar. Fram til 1927 stod det ”Nordeidstrand i Sogn” på poststempelet, og frå 1928 Nordeide i Sogn. Postopneriet vart i 1945 endra til Bergseidet, men vart endra tilbake til Nordeide i Sogn i 1955. Kontoret vart lagt ned i 1970 og innordna under Kyrkjebø.
Nordeidstrand i Sogn
– sjå Nordeide.
Nordeide i Sogn
– sjå Nordeide.
Bergseidet
– sjå Nordeide.
Bekken
vest for Lavik fekk brevhus på garden Hellebøen i 1913. På poststempelet stod det Bækken fram til det vart endra til Bekken i 1933. Bekken fekk status som postopneri i 1955, men vart lagt ned i 1961 om innordna under Lavik.
Bækken
– sjå Bekken.
I denne bygningen heldt Posten til i Høyanger dei siste åra før kontoret vart lagt ned, og innbyggjarane fekk ei såkalla post i butikk-ordning. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.
Høyanger
fekk postopneri i 1916 med den seinare nazi-fylkesordføraren Johan Arntzen (sjå denne) som første styrar. Postkontoret hadde den første tida nemninga ”Feltpostkontor nr. 18” og sorterte under Førde postkontor. Denne”feltordninga” gjorde at kontoret kunne stemple all post – med unntak av posttilvisingar. Denne ordninga varde heilt fram til 1931 då Høyanger fekk status som postkontor. I 2010 vart postkontoret i Høyanger lagt ned, og innbyggjarane fekk i staden post i butikk-ordning.
Vattekar
fekk brevhus i 1939. Adressa var Vattekår. Brevhuset vart lagt ned i 1964.
Vattekår
– sjå Vattekar.
Postkontoret i Ikjefjord vart lagt ned i 1991. Foto: Ottar Starheim, NRK.
Ikjefjord
fekk brevhus i 1948. Det vart endra til postopneri 1956 med kjøpmann Matias M. Myren som styrar. Postkontoret vart endra til underpostkontor i 1973 og til postkontor C i 1997. Det vart lagt ned i 1991 og innordna under Bjordal.
Åkrestrand
fekk brevhus i 1954. Det vart lagt ned i 1971 og innordna under Bjordal.
Svartemyr
fekk brevhus i 1957. Det vart lagt ned i 1971 og innordna under Bjordal.
Sørvik
brevhus vart skipa i 1965 med adressa Sørevik i Sogn. Det vart lagt ned i 1973 og innordna under Bjordal.
Sørevik i Sogn
– sjå Sørvik.
Post i butikk
I 2010 la Posten ned kontoret sitt i Høyanger. Dermed er alle posttenestene i kommunen overletne til Post i butikk-ordning.
Kjelder
Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane
Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014).
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.
Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.
Sist oppdatert: 27.05.2015