Hopp til innhold
X
Innhald

Post i Naustdal

Vevring fekk det første postkontoret i noverande Naustdal kommune. Foto: Einar Eimhjellen.

Vevring fekk det første postkontoret i noverande Naustdal kommune. Foto: Einar Eimhjellen.

Vevring

fekk postopneri i 1856, og med gardbrukar og dampskipsekspeditør Ole Eriksen Thingnæs som første styrar. Postadressa var Vefring fram til 1889, då den vart endra til Vevring. I 1969 vart postopneriet lagt ned og innordna under Svortevik.

Naustdal

fekk postopneri i 1860 med handelsmann Friis som første styrar. Adressa var Nøstdal fram til 1883 då poststempelet vart endra til Nøstdal i Søndfjord. I 1891 vart adressa Naustdal i Søndfjord, og frå 1921 Naustdal i Sunnfjord. I 1973 vart det underpostkontor, og i 1975 vart postadressa endra til berre Naustdal. Ein av postførarane i Naustdal var Jens Øyra som frå kring 1920 fekk motorbåtskyssen av posten mellom Førde og Naustdal og til dei veglause grendene i indre Førdefjorden. Båten til Øyra hadde passasjersalong og vart m.a. nytta til sjuketransport til Florø.

Naustdal fekk postopneri i 1860. Postopnar dei første åra var handelsmann Friis, som budde i det kvite huset til venstre. Dette biletet er teke i 1972. Som  vi ser gjekk sjøen heilt opp til Friis-huset og kyrkja. I dag er dette området fylt igjen. Foto: Svein Hjelle.

Naustdal fekk postopneri i 1860. Postopnar dei første åra var handelsmann Friis, som budde i det kvite huset til venstre. Dette biletet er teke i 1972. Som vi ser gjekk sjøen heilt opp til Friis-huset og kyrkja. I dag er dette området fylt igjen. Foto: Svein Hjelle.

I dag får folk i Naustdal posttenestene sine på bensinstasjonen. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

I dag får folk i Naustdal posttenestene sine på bensinstasjonen. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Nøstdal

– sjå Naustdal.

Nøstdal i Søndfjord

– sjå Naustdal.

Naustdal i Søndfjord

– sjå Naustdal.

Helle

fekk brevhus i 1894 med adresse Helle i Førdefjorden. I 1895 vart brevhuset flytta til Andalen og fekk samstundes endra poststempelet til Andalen. I 1898 vart brevhuset lagt ned, men opna att på nytt litt seinare same året og flytta tilbake til Helle, der postadressa vart Helle i Førdefjorden. I 1903 vart det omgjort til postopneri ned adressa Helle i Søndfjord og med Mads Olai Helle som første styrar. I 1921 vart adressa endra til Helle i Sunnfjord. I 1973 vart det underpostkontor, i 1977 postkontor C. Det vart lagt ned i 1988 og innordna under Naustdal.

Andalen

– sjå Helle.

Helle i Førdefjorden

– sjå Helle.

Helle i Søndfjord

– sjå Helle.

Fimland fekk brevhus i 1900. © Fylkesarkivet.

Fimland fekk brevhus i 1900. © Fylkesarkivet.

Fimland

fekk brevhus i 1900. Det var omgjort til postopneri med namnet Fimlandsgrend i 1920, og med gardbrukar Peder M. Fimmeland som første styrar. Postopneriet vart lagt ned i 1981 og innordna under Naustdal.

Fimlandsgrend

– sjå Fimland.

Redal

fekk brevhus i 1905 med adresse Redal i Søndfjord. Det vart lagt ned i 1915. I 1948 vart det på nytt skipa postkontor i Redal, men denne gongen med status som postopneri og med dampskipsekspeditør og telefonstyrar Johannes J. Håland som styrar. Adressa vart no Redalsgrend. Postopneriet vart lagt ned i 1969 og innordna under Svortevik.

Redal i Søndfjord

– sjå Redal.

Redalsgrend

- sjå Redal.

Redalsgrend. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Redalsgrend. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Indre Kvam

fekk brevhus i 1923. I 1933 vart poststempelet endra til Indrekvam. Brevhuset vart lagt ned i 1967.

Indrekvam

– sjå Indre Kvam.

Kalland

fekk brevhus i 1928. Det vart omgjort til postopneri i 1945 med telefonstyrar Andreas A. Fauske som styrar. Kontoret vart lagt ned i 1967 og innordna under Naustdal.

Åmot

fekk brevhus i 1944 med postadresse Åmot i Naustdal. Det vart lagt ned i 1969.

Instedalen

fekk brevhus i 1951. Brevhuset vart lagt ned i 1976 og innordna under Fimlandsgrend postopneri.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 13.12.2010