Post i Stryn

Posten i Stryn. I mars 2010 vart kontoret lagt ned, og Stryn fekk post i butikk-ordning. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.
Det er to særmerke ved organiseringa av posttenestene i Stryn kommune: Det eine er at dei første postkontora kom langs den gamle reiseruta på Den trondhjemske Postvei over Utvik og Faleide. Det andre er at reiselivsnæringa var svært tidleg ute for å tilfredsstille turistane sine ynskje om å få ”eksotiske” poststempel på prospektkorta som dei sende heim frå reisa si i Noreg. Difor vart det alt frå slutten av 1800-talet opna brevhus med eigne poststempel oppe ved turistattraksjonane i Lodalen, Oldedalen og Oppstryn.
Udvigen postopneri var det første
Utvik fekk postopneri så tidleg som i 1841 fordi Den trondhjemske Postvei gjekk forbi Utvik.
Faleide
– sjå artikkelen Udvigen postopneri var det første.
Faleidet
– sjå artikkelen Udvigen postopneri var det første.
Indvigen
– sjå artikkelen Udvigen postopneri var det første.
Indviken
– sjå artikkelen Udvigen postopneri var det første.
Innvik
– sjå artikkelen Udvigen postopneri var det første.
Utviken
– sjå artikkelen Udvigen postopneri var det første.
Utvik
– sjå artikkelen Udvigen postopneri var det første.

På 1800-talet var det postopneri i alle bygder, men dei siste åra har Posten redusert talet til berre ei handfull kontor i fylket. Dei fleste bygdene må nøye seg med ei post i butikk-ordning, som her i Innvik. Foto: Ottar Starheim, NRK.
Stryn postkontor
Stryn sentrum fekk postopneri i 1861 med lensmann Gullik B. Mugaas som første styrar.
Vesnes i Nordfjord
– sjå Visnes i Stryn.
Oldøren
fekk postopneri i 1870 med handelsmann K. A. Hilde som første styrar. I 1908 vart adressa Olden i Nordfjord, og i 1935 berre Olden. Postkontoret vart underpostkontor i 1973, og frå 1977 postkontor C.
Olden i Nordfjord
– sjå Oldøren.
Olden
- sjå Oldøren.
Opstryn
fekk postopneri i 1872 med Amund Arnesen Fosnæs som første styrar. I 1946 vart adressa Oppstryn. Kontoret vart underpostkontor i 1973, postkontor C i 1977, og det vart lagt i 1997.
Oppstryn
– sjå Opstryn.
Loen
fekk postopneri i 1875 med dampskipsekspeditør Anders Markussen Loen som første styrar. Det hadde fram til 1907 adresse Loen i Nordfjord, deretter berre Loen. I 1973 vart det underpostkontor, i 1977 postkontor C, og det vart lagt ned i 1998.
Hopland
fekk postopneri i 1880 med sersjant Mathis Monsen Hopland som første styrar. I 1973 vart det underpostkontor, i 1977 postkontor C, og det vart lagt ned i 1997.

Blakset fekk postopneri i 1890. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.
Blaksæter
fekk postopneri i 1890 med gardbrukar Garbrand A. Blaksæter som første styrar. Det vart lagt ned i 1997.
Blakset
– sjå Blaksæter.

Kjenndalen med Kjenndalsbréen. Turistane som det etter kvart vart mange av ville sende prospektkort heim, og det la grunnlaget for posttenester i denne avsidesliggande dalen der det ikkje budde folk.
Kjendalsbræ
fekk brevhus i 1891. I 1908 vart det omgjort til postopnerifilial med Markus A. Loen som første styrar. Dette hadde samanheng med at hotelldirektør på Alexandra, Markus A. Loen, samstundes var poststyrar nede i Loen og dreiv turistrestaurant inne ved bréen i Kjenndalen. I 1933 vart adressa endra til Tjenndalsbré, og i 1949 til Kjenndalsbré. Brehuset i Kjenndalen vart lagt ned i 1962, men teke opp att som sesongbrevhus frå 1987 med opning 1. mai – 30. september.
Tjenndalsbré
– sjå Kjændalsbræ.
Kjenndalsbré
– sjå Kjændalsbræ.
Øvre Olden
fekk postopneri i 1896 med gardbrukar Anders E, Møkløen som første styrar. I 1923 vart adressa endra til Oldedalen, og i 1949 til Oldedalen i Nordfjord. I 1973 vart det underpostkontor, i 1977 postkontor C, og det vart lagt ned i 1995.
Oldedalen
– sjå Øvre Olden.
Hjelle
fekk brevhus i 1897. Det vart omgjort til postopneri i 1900 med gardbrukar Absalon O. Tenden som første styrar. Adressa vart frå same tid Hjelledalen.
Hjelledalen
– sjå Hjelle.
Lodalen
fekk postopneri i 1898 med Elling S. Bødal som første styrar. Postopneriet vart truleg ikkje teke opp att etter rasulukka i 1936 då postopnaren, gardbrukar Simon S. Bødal, omkom.
Eide i Olden
fekk brevhus i 1899. Brevhuset vart lagt ned i 1953.
Sunde i Olden
fekk brevhus II i 1899. I 1910 vart det omgjort til postkontor med gardbrukar Andreas A. Sunde som første styrar. Samstundes vart postadressa omgjort til Oldenvatn.I 1923 vart det endra til Oldevatn. Postopneriet vart lagt ned i 1928, men opna på nytt i 1929. I 1944 vart det endra frå postopneri til brevhus, og endeleg nedlagt i 1961.
Oldenvatn
- sjå Sunde i Olden.
Oldevatn
– sjå Sunde i Olden.

Tistam hadde postopneri til 1968. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.
Tisthammer
fekk brevhus i 1899. Det vart omgjort til postopneri i 1910 med dampskipsekspeditør Lars J. Tisthammer som første styrar. Postopneriet endra namn til Tistam i 1921. Det vart lagt ned i 1968 og innordna under Utvik.
Tistam
– sjå Tisthammer.
Mindresunde
fekk postopneri i 1900 med eigar av storgarden MIndresunde, Rasmus Bødal, som første styrar. Postopneriet vart lagt ned i 1966 og innordna under Stryn.
Dale
i Markane vart skipa som brevhus i 1902. I 1907 det omgjort til postopneri med gardbrukar Rasmus Dahle som første styrar. Samstundes vart adressa endra til Markerne. I 1921 vart adressa Markene. I 1964 vart postopneriet omgjort til såkalla brevhus I. Det vart lagt ned i 1972 og innordna under Hornindal postkontor.
Markerne
– sjå Dale.
Markene
– sjå Dale.
Aarnes
fekk brevhus i 1903. Frå 1917 vart adressa endra til Årnes i Stryn. Brevhuset vart lagt ned i 1926.
Årnes i Stryn
– sjå Aarnes.

Videseter i 1905. Foto: Ole Svanøe.
Videsæter
fekk brevhus i 1903. Brevhuset vare knytt til hotelldrifta, og 1966 vart det omgjort til sesongbrevhus. Det vart lagt ned i 1981.
Sæten
fekk brevhus i 1905. I 1933 vart adressa endra til Sæta. Brevhuset vart lagt ned i 1966.
Sæta
– sjå Sæten.
Lindvik
ved Strynevatnet fekk brevhus i 1905. Det lagt ned i 1960.
Brigsdalsbræ
brevhus vart opna i 1908. Adressa vart seinare endra til Briksdalsbré, og brevhuset vart lagt ned i 1949. Frå 1962 vart det på nytt skipa brevhus med same adresse. Dette har vore sesongope i tida april-september.
Briksdalsbré
– sjå Brigsdalsbræ.

Turisttrafikken til Briksdalsbréen la grunnlaget for brevhuset som vart opna i 1908. Foto: Olav Jakob Tveit.
Flo
fekk postopneri i 1909 med gardbrukar Jon K. Fridtun som første styrar. Postadressa var Flo i Nordfjord. Kontoret vart lagt ned i 1966.
Kleveneset
fekk brevhus i 1912. I 1933 vart adressa endra til Kleivaneset. Det vart lagt ned i 1962.
Kleivaneset
– sjå Kleveneset.
Mæland
fekk brevhus i 1913. I 1933 vart adressa endra til Meland i Stryn, og brevhuset vart lagt ned i 1949.
Meland i Stryn
– sjå Mæland.
Sindre
fekk postopneri i 1921 med Halvard Sindre som første styrar. Postopneriet vart lagt ned i 1964 og mellombels omgjort til såkalla brevhus I.
Grønfurviken
fekk brevhus i 1929. Adressa vart endra til Grønforvikja i 1933. Brevhuset vart lagt ned i 1957.
Grønforvikja
– sjå Grønfurviken.
Bødalssætra
fekk brevhus i 1931. I 1933 vart adressa endra til Bødalssæter. Brevhuset vart lagt ned i 1962.
Grov i Oppstryn
fekk brevhus i 1932. I 1933 vart adressa endra til Grov i Hjelledalen og i 1975 til berre Grov. Brevhuset vart lagt ned i 1982.
Grov i Hjelledalen
– sjå Grov i Oppstryn.
Grov
– sjå Grov i Oppstryn.
Karistova
på Utvikfjellet fekk brevhus i 1944 med adresse Karistova på Utvikfjellet. I 1975 vart adressa berre Karistova.
Yri
i Oldedalen fekk brevhus i 1951. Det er då registrert som gjenoppretta, men det er uklårt om det har vore noko brevhus i grenda før den tid, og i tilfelle kor lenge. Brevhuset på Yri vart lagt ned i 1961.
Jostedalsbréen
fekk eit eige brevhus i Oppstryn i 1966. Dette var eit sesongbrevhus frå 1. juni til 15. september, og posten vart send derifrå med helikopter til Loen. Ordninga med eit eige brevhus for Jostedalsbréen vart lagt ned i 1966.
Jostedalsbréen Nasjonalparksenter
på Fosnes i Oppstryn fekk eige postkontor i 1993.

Jostedalsbréen Nasjonalparksenter. Foto: Ottar Starheim, NRK.
Kjelder
Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane
Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014.
I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. Dette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til den nye eigaren.
Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane.
Sist oppdatert: 10.03.2011