Post i Vik

Postbod Jorunn Hønsi på veg med posten til Arnafjord. Foto: Ottar Starheim, NRK.
Vik med postadresse ”Flesche”
Vik fekk postopneri i 1844 med eige stempel «Viig i Sogn» etter at Vik formannskap i 1839 sende sin første søknad om å få postopneri til bygda. Men postadressa for Vik hadde då i fleire år vore «Flesche», sjølv om postopneriet låg på Vikøyri. Forklaringa på denne «namneforvirringa» var at då ein starta den rodde postruta inn Sognefjorden på slutten av 1700-talet, så var det naturleg at postsekken til midtre Sogn vart lesst av ved den gamle fute- og offisersgarden Flesje, like vest for Balestrand.
Fresvik
fekk postopneri i 1872 med poststempel «Fresvig» og med landhandlar P. Ylvisaker som første styrar. Sidan 1889 har poststempelet vore «Fresvik». I 1973 vart det underpostkontor, frå 1977 postkontor C, og kontoret var lagt ned i 1997.
Feios
fekk postopneri i 1876 med landhandlar og dampskipsekspeditør Christen I. Offerdahl som første styrar. I 1974 fekk det status som postkontor C, og det vart lagt ned i 1997.

Feios tidleg på 1900-talet.
Vangsnes
fekk postopneri i 1877 med kyrkjesongar Olaus O. Dahle som første styrar. Fram til 1889 vart postadressa skriven «Vangsnæs». I 1973 fekk Vangsnes status som underpostkontor, og postkontor C i 1977. Postkontoret vart lagt ned i 1997.

Nese i Arnafjord på 1950-talet. Posten heldt til i det kvite huset oppe til høgre. Før det var det vesle huset med torvtak posthus. Ukjend fotograf. Eigar: Vik lokalhistoriske arkiv/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.
Arnafjord
fekk postopneri i 1879 med dampskipsekspeditør Ole Larsen Hellen som første styrar. Fram til 1921 var namnet Arnefjord. I 1973 fekk det status som underpostkontor og i 1977 postkontor C, før det vart lagt ned i 1978 og innordna under Vik.
Sylvarnes
fekk postopneri i 1890. Det vart avløyst i 1972 av eit brevhus som vart lagt ned i 1974 og innordna under Vik.

Familien Straume hadde ansvaret for post og telefon i Framfjorden. Her er eit familieportrett frå 1969. Framme frå venstre Ingebjørg, Ragnvald og Borghild. I midten Inga, Margit, Signy og Alfhild. Bak Håkon, Einar, Solveig og Olav, alle med etternamnet Straume. Ukjend fotograf. Eigar: Vik lokalhistoriske arkiv/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.
Framfjorden
fekk postopneri i 1909 med lærar B. Straume som første styrar. Det fekk status som underpostkontor i 1973, og vart lagt ned i 1977.
Indrefjorden
fekk brevhus i 1926. Det fekk status som postopneri i 1958 og underpostkontor i 1973. Kontoret vart lagt ned i 1977 og innordna under Vik.

Finnafjord (Finden) på 1950-talet. © Fylkesarkivet.
Finnafjord
(Finden) fekk såkalla brevhus II i 1938 med gardsarbeidar Lars L. Finden som styrar. Brevhuset vart lagt ned i 1974, og postadressa vart deretter Vik i Sogn.
Vetlesand
fekk brevhus II i 1957. Det vart lagt ned i 1974 og innordna under Vik.
Vikafjell
fekk eit såkalla brevhus II i 1961. Dette var eit sesongbrevhus som var ope frå 15. mai til ut august. Det vart lagt ned i 1974.

Fossefjell kafé på Vikafjellet hadde brevhus frå 1961 til 1974. Foto: Alf Solheim. Eigar: Botolv Skjerven/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.
Kjelder
Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane
Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014).
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.
Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.
Sist oppdatert: 16.06.2011