Hopp til innhold
X
Innhald

Posten avgjorde bynamnet Måløy

Moldøen - eller Måløyna - gav namnet til byen. Dette biletet er teke ca. 1950. Då var det bygt molo mellom Sæternes og Moldøen. Foto: Mons Totland. Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Moldøen - eller Måløyna - gav namnet til byen. Dette biletet er teke ca. 1950. Då var det bygt molo mellom Sæternes og Moldøen. Foto: Mons Totland. Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Kremmarleiet på Moldøen fekk anløp av kystruteskipet D/D ”Norcap” frå 1843. Dette var eit skip som også tok med post. – Sjå elles under Bryggja om postdistribusjonen innover Nordfjord på midten av 1800-talet. Moldøen fekk først status som postopneri i 1852 - altså 11 år etter at Bryggja postopneri vart skipa. Første postopnar på Moldøen var handelsmannen der, Ole Schmidt. I Postmuséet sine arkiv vert dette første postkontoret plassert med adresse Sæternes – eit stadnamn på Vågsøy-sida av Måløysundet, men mest truleg låg postopneriet på sjølve Moldøen, for heilt fram til 1904 var det handelsmennene der som var tilsette som postopnarar.

Posten avgjorde bynamnet

På slutten av 1800-talet kom veksten i Skramsbygda på vestsida av Ulvesundet. I 1904 veit ein med visse at postkontoret var kome til Skramsbygda på Vågsøy-sida. Då vart nemleg ekspeditøren for kysthurtigrutene, skipsoffiser M. Svendsen, tilsett som postopnar. Han hadde tilhald på Skram, der han ekspederte kysthurtigrutene frå den såkalla Hagevikbuda. Men sjølv om postkontoret var flytta over til Skramsbygda, hang ”Moldøen”-namnet likevel att som adresse på postopneriet. Det var dett; at Moldøen vart hengande med som namn på poststaden, som gjorde at det med tida ikkje vart ”Skram” eller ”Skramsbygda”, men ”Måløy” som vart namnet på den nye fiskeribyen. Namnet Måløy avløyste Moldøen på poststempelet i 1921. Postkontoret i Måløy fekk ei statusheving i 1914 då det vart omgjort frå postopneri til postkontor. Leiaren for postkontora vart kalla postmeistrar.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 25.01.2010