Hopp til innhold
X
Innhald

Posten i Gulen

Anita Daae Eide er mellom dei som syter for at folk får posten sin i Gulen. Foto:Ottar Starheim, NRK.

Anita Daae Eide er mellom dei som syter for at folk får posten sin i Gulen. Foto:Ottar Starheim, NRK.

Den Trondhjemske Postvei i Gulen

Det første postkontoret i Gulen vart skipa på Eide ved Eidsfjorden i 1787, fordi postruta Bergen-Oslo over den Trondhjemske Postvei gjekk forbi der. Sjå elles eigen artikkel om arbeidet som postførar under: Postførarar drukna.

Eivindvik

fekk postopneri 1797. Det låg på den gamle skysstasjonen i Fonnevika vest for Prestesundet.

Fonnevik

– sjå Eivindvik.

Åmdalsvik

– sjå Eivindvik.

Evenvig i Ytre Sogn

– sjå Eivindvik.

Evenvik

– sjå Eivindvik.

Postbod Henrik O. Nordal med postsekken på ryggen og med trøsykkel som framkomstmiddel. Biletet er teke i 1933 av Lasse O. Nordal. © Fylkesarkivet.

Postbod Henrik O. Nordal med postsekken på ryggen og med trøsykkel som framkomstmiddel. Biletet er teke i 1933 av Lasse O. Nordal. © Fylkesarkivet.

Skjerjehamn

fekk postopneri i 1858 med poststempel Skjærgehavn. Det vart lagt ned alt året etter, men skipa på nytt i 1866, truleg med landhandlar Ross som første postopnar. Fram til 1891 var postadressa Skjergehavn. Då vart stempelet endra til Skjerjehavn, og i 1921 til Skjerjehamn. Kontoret vart underpostkontor i 1973, postkontor C i 1977, og det vart lagt ned i 1981 og innordna under Eivindvik.

Skjærgehavn

– sjå Skjerjehamn.

Skjergehavn

- sjå Skjerjehamn.

Brekke sett frå Haugland. Her kom det postkontor i 1868. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Brekke sett frå Haugland. Her kom det postkontor i 1868. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Brekke

fekk postopneri i 1868 med landhandlarenkja Barbara Hatteberg som første styrar. I 1891 vart adressa endra til frå Brække til Brekke. I 1973 vart det underpostkontor og i 1977 postkontor C.

Brække

- sjå Brekke.

Sygnefest

fekk postopneri i 1886 med landhandlar Ingebrigt L. Sognefest som første styrar. Fram til adressa vart Sygnefest i 1889 stod det Sognefest på stempelet. Kontoret vart lagt ned i 1971 og innordna under Brekke.

Sognefest

– sjå Sygnefest.

Halsvik. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Halsvik. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Halsvik

fekk postopneri i 1887 med Gjeble E. Halsvik som første poststyrar. Postopneriet vart lagt ned i 1968 og innordna under Dalsøyra.

Guløy

fekk postopneri på Nyborg i 1891 med handelsmann Ole Eriksen Sandnæs som første styrar. I 1921 vart adressa endra frå Guløen til Guløy. Postopneriet vart lagt ned i 1964 og innordna under Dalsøyra.

Guløen

– sjå Guløy.

Nyborg

– sjå Guløy.

Bålen

fekk postopneri i 1893 ved dampskipskaia i Breivik, og med Baard M. Breivik som første styrar. I 1917 vart skrivemåten endra frå Baalen til Bålen. Postopneriet vart lagt ned i 1968 og innordna under Brekke.

Baalen

– sjå Bålen.

Mjømna. I bakgrunnen ser vi brua over Mjømnasundet. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Mjømna. I bakgrunnen ser vi brua over Mjømnasundet. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Mjømna

fekk postopneri i 1893 med postadressa Mjømnen og med landhandlar Gjert Iversen som første styrar. I 1921 vart namnet endra til Mjømna. I 1973 vart det underpostkontor, i 1977 postkontor C, og det vart lagt ned i 1997.

Mjømnen

– sjå Mjømna.

Ytre Oppedal

fekk brevhus i 1895. Det var omgjort til postopneri i 1908 med Johannes Clausen Oppedal som første styrar. Samstundes vart adressa endra til Oppedal i Sogn. I 1973 vart det underpostkontor. Det fekk status som postkontor C i 1977 og vart lagt ned i 1991.

Oppedal i Sogn

– sjå Ytre Oppedal.

Ånneland

fekk brevhus i 1898 med adressa Aaneland i Gulen. I 1906 vart det omgjort til postopneri med Elias A. Unneland som styrar. Frå 1917 vart adressa Ånneland. I 1973 vart kontoret underpostkontor, i 1977 postkontor C, og det vart lagt ned i 1997.

Aaneland i Gulen

– sjå Ånneland.

Børtnes

fekk brevhus i 1899. Brevhuset vart omgjort til postopneri i 1900 og namnet endra til Børtnesøen. Lærar Hans Wergeland var første poststyrar. I 1919 vart postadressa endra til Byrknesøy. I 1973 vart det omgjort til underpostkontor og i 1977 til postkontor C.

Børtnesøen

– sjå Børtnes.

Byrknesøy

– sjå Børtnes.

Oppdalsøyra hadde postkontor frå 1902 til 1971. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Oppdalsøyra hadde postkontor frå 1902 til 1971. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Bernt I. Austgulen var landpostbod på ruta Oppdalsøyra-Austgulen-Hauge frå 1913 til 1963. På slutten av karrieren sin brukte han scooter. Ukjend fotograf. © Fylkesarkivet.

Bernt I. Austgulen var landpostbod på ruta Oppdalsøyra-Austgulen-Hauge frå 1913 til 1963. På slutten av karrieren sin brukte han scooter. Ukjend fotograf. © Fylkesarkivet.

Oppdalsøyra

fekk postopneri i 1902 med Lars L. Opdal som første styrar. Fram til 1919 var postadressa Østgulen. Då vart det endra til Opdalsøyra, og i 1946 til Oppdalsøyra. Kontoret vart lagt ned i 1971 og innordna under Dalsøyra.

Østgulen

– sjå Oppdalsøyra.

Opdalsøyra

– sjå Oppdalsøyra.

Dalsøyra

fekk brevhus i 1903, og det vart postopneri i 1905 med John K. Kjellevold som første styrar. I 1920 vart adressa endra frå Dalsøren til Dalsøyra. I 1973 vart det underpostkontor og i 1977 postkontor C.

Dalsøren

– sjå Dalsøyra.

Nordgulen

fekk postopneri i 1905 med Thor Nordgulen som første styrar. I 1962 vart adressa endra til Haveland. Postopneriet vart lagt ned i 1968 og innordna under Dalsøyra.

Gulafjord

vart skipa som postopneri i 1905 med dampskipsekspeditør Ole H. Østgulen som første styrar. Kontoret vart lagt ned i 1924 og innordna under Dalsøyra.

Fivelsdal

fekk postopneri i 1906 med Nicolay N. Fivelstad som første styrar. I 1973 vart det underpostkontor og i 1977 postkontor C, men det vart lagt ned same året.

Dingja. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Dingja. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Dingja

fekk postopneri i 1912 med Hans M. Dingen som første styrar. Posteadressa vart endra til Dingja i 1922. I 1973 vart det underpostkontor og i 1977 fekk det status som postkontor C. Kontoret vart lagt ned i 1988 og innordna under Brekke.

Dingen

– sjå Dingja.

Sandebygda

fekk postopneri i 1910 og med Lars G. Sande som første styrar. I 1921 vart adressa endra frå Sandebygden til Sandebygda. I 1973 vart det underpostkontor, i 1977 postkontor C, og det vart lagt ned i 1978 og innordna under Ånneland.

Sandebygden

– sjå Sandebygda.

Nyhamar

fekk postopneri i 1915 med adresse Nyhammer i Sogn og med Klaus A. Nyhammer som første styrar. I 1921 vart postadressa Nyhammer i Sogn og i 1975 berre Nyhamar. Kontoret vart lagt ned i 1988 og innordna under Eivindvik.

Nyhammer

– sjå Nyhamar.

Hjartholm hadde brevhus til 1964. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Hjartholm hadde brevhus til 1964. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Hjartholm

fekk brevhus i 1927 med adresse Hjartholm i Brekke. I 1933 vart adressa endra til Hjartholm. Brevhuset vart lagt ned i 1964.

Rutledal

fekk brevhus i 1928. Det vart lagt ned i 1971.

Utanfor brevhuset i Rutledal tidleg på 1960-talet. Framme frå venstre Alida B. Stevnebø, Aslaug J. Rutledal, Magnhild Åse S. Sandvik og Asbjørn S. Rutledal. Bak frå venstre Sigvard B. Rutledal og Harold H. Dahl. Foto: Sybil Dahl. © Fylkesarkivet.

Utanfor brevhuset i Rutledal tidleg på 1960-talet. Framme frå venstre Alida B. Stevnebø, Aslaug J. Rutledal, Magnhild Åse S. Sandvik og Asbjørn S. Rutledal. Bak frå venstre Sigvard B. Rutledal og Harold H. Dahl. Foto: Sybil Dahl. © Fylkesarkivet.

Brimsvåg

fekk brevhus i 1929 med adresse Bremsvåg. Adressa vart endra til Brimsvåg i 1933, og brevhuset vart lagt ned i 1947 og omgjort til postopneri med Alfred Bremnes som første styrar. I 1973 vart det underpostkontor, og det vart lagt ned i 1977.

Bremsvåg

– sjå Brimsvåg.

Furenes

fekk brevhus i 1931 med adresse Furnes i Gulen. I 1933 vart stavinga av postadressa endra til Furenes i Gulen. Brevhuset vart lagt ned i 1977 og innordna postadresse Dalsøyra.

Furenes i Gulen

– sjå Furenes.

Instefjord. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Instefjord. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Instefjord

fekk brevhus i 1938. Det vart lagt ned i 1967.

Asheim

fekk brevhus i 1939 med adressa Assheimgrend. Brevhuset vart lagt ned i 1967 og innordna under Brekke.

Assheimgrend

– sjå Asheim.

Indre Oppedal

frekk brevhus i 1954. Det vart lagt ned i 1965 og ny adresse vart Oppedal i Sogn.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 12.08.2010