Hopp til innhold
X
Innhald

Posten i Sogndal

Frå 1996 har Posten halde til i dene bygningen ved Gravensteinsgata. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Frå 1996 har Posten halde til i dene bygningen ved Gravensteinsgata. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Posten kom fjordleia

Fram til midten av 1800-talet vart Sogndals-posten send med kurér eller tilfeldige privatpersonar frå innløpet til Sogndalsfjorden.

Amla tidleg ute med postkontor

Amla tidleg ute med postkontor

Amble postopneri vart skipa i 1854 då det fekk anløp av postdampskipet «Bjørgvin» som var sett inn i den viktige postruta mellom Bergen og Oslo via Lærdal og Filefjell.

Frå 1998 har Fjjærland hatt Post i butikk-ordning hjå Mundal & Vangsnes. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Frå 1998 har Fjjærland hatt Post i butikk-ordning hjå Mundal & Vangsnes. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Fjærland

fekk postopneri i 1870 med Eirik S. Bjåstad som postopnar. Han var også ekspeditør av Fylkesbaatane, som i dei første åra måtte ekspederast med robåt ute på fjorden. På 1890-talet vart det bygd kai. I 1910 bygde ekspeditøren Anders Aa. Mundal eit hus ved kaia som også husa dampskipsekspedisjonen og posten. Då sonen Per kom heim frå Amerika i 1921, overtok han og kona Gudny som ekspeditørar og postopnarar, og var det heilt fram på 1960-talet. I 1973 vart Fjærland underpostkontor og i 1977 postkontor C. I 1998 vart postkontoret lagt ned og overført til post-i-butikkordning i landhandelen til Mundal & Vangsnes.

Huset der postkontoret i Mundal heldt til er no ein del av Bokbyen. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Huset der postkontoret i Mundal heldt til er no ein del av Bokbyen. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Fardal

fekk postopneri i 1875 med landhandlar og dampskipsekspeditør Fritz Christian Schultz som første styrar. I 1973 vart Fardal underpostkontor, i 1977 postkontor C, og det vart lagt ned i 1996.

Jordal

på vestsida av Fjærlandsfjorden fekk brevhus i 1889. Det var i drift til 1912, då garden fekk postopneri under nemninga «Ytre Fjærland» postopneri. Det vart lagt ned i 1968.

Slinde

Slinde fekk postopneri i 1889. Dette kontoret låg ved dampskipsanløpet i Lunden ytst i Sogndalsfjorden, og den første styraren var kyrkjesongar Andreas Fondenæs. I 1973 vart det underpostkontor, og frå 1977 postkontor C. Kontoret på Slinde vart lagt ned i 1996.

Eide

på Kaupangerskogen fekk brevhus i 1911. I 1920 vart det omgjort til postopneri med adresse Kaupangerskogen, og med kyrkjesongar Kristen L. Eide som første styrar. I 1966 vart kontoret lagt ned og bygda lagt under postkontoret på Kaupanger.

Kaupangenskogen

postopneri frå 1920 – sjå Eide.

Kaupanger hadde postkontor frå 1920. Fram til 1961 var det altså postkontor både i Amla og i Kaupanger. Kontoret i Kaupanger heldt til i eit hus like til høgre for sagbruket. Ukjend fotograf.

Kaupanger hadde postkontor frå 1920. Fram til 1961 var det altså postkontor både i Amla og i Kaupanger. Kontoret i Kaupanger heldt til i eit hus like til høgre for sagbruket. Ukjend fotograf.

Kaupanger

fekk postopneri i 1920 med landhandlar Hans Timberlid som styrar. I 1986 fekk kontoret plass i det nye Kaupangersenteret, men vart lagt ned i 1997. Kaupanger fekk ein filial under Sogndal i 1999.

Middalen

I Sogndalsdalen kom det postopneri i Middalen i 1945. Her var det telefonstyraren Ivar Bergheim som tok seg av postkontoret som var i drift til 1972.

Fimreite

fekk brevhus i 1948. Det var lagt ned i 1959 og bygda innordna under Slinde postkontor.

Fimreite hadde postkontor fram til 1959. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Fimreite hadde postkontor fram til 1959. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Romøyri

på austsida av Fjærlandsfjorden fekk brevhus i 1948. Dette vart lagt ned i 1968.

Lidal

på austsida av Fjærlandsfjorden fekk såkalla brevhus II i 1954. Det fekk status som brevhus I i 1957, men vart lagt ned i 1968.

Over til Post i butikk

På 1990-talet starta Posten på ei omlegging der først dei minste postkontora vart lagde ned og erstatta av posttenester i butikk. Seinare kom turen til større kontor. I 2012 var det att berre fire postkontor i Sogn og Fjordane: Nordfjordeid, Florø, Førde og Sogndal. I juni 2012 opna Stortinget for nedlegging av dei fleste av dei attverande kontora. I Sogn og Fjordane betyr det at kontora på Nordfjordeid, Florø og Sogndal blir lagde ned innan 2014. Førde blir dermed den einaste staden med postkontor i fylket. I heile landet blir det att 30 postkontor.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 14.06.2012