Hopp til innhold
X
Innhald

Posten i Vågsøy

Agnar Håvik på veg med posten til Kvalheim. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Agnar Håvik på veg med posten til Kvalheim. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Det er særleg Moldøen og Bryggja som har vore dei sentrale stadane i posttenesta i Vågsøy kommune frå gamalt av.

Dei eldste postrutene om Bryggja

I eldre tider vart den kongelege posten ført med eigne rorskarar og seglskuter langs kysten.

Bryggja

- sjå Dei eldste postrutene om Bryggja.

Posten avgjorde bynamnet Måløy

Kremmarleiet på Moldøen fekk først status som fast poststad med eige kontor i 1852.

Moldøen

– sjå Posten avgjorde bynamnet Måløy.

Osmundvåg

fekk postopneri i 1877 med landhandlar Christian Bonny Uchermann Wiese som første styrar. På poststempelet stod det Osmundsvaag. I 1892 vart dette postopneriet flytta til dampskipskaia i Sandvik og fekk samstundes endra namnet til Barmsund. Dette postopneriet vart lagt ned i 1970. Same året som postopneriet vart flytta til Barmsund - i 1892 - fekk Osmundsvåg halde fram som brevhus. Poststempelet vart endra til Osmundsvåg i 1917. I 1927 vart brevhuset lagt ned, men nyskipa att i 1935 med poststempel Åsmundvåg. Det var i drift til 1966.

Åsmundvåg

– sjå Osmundsvåg.

Postkontoret på Raudeberg var i mange år i Berg-huset. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Postkontoret på Raudeberg var i mange år i Berg-huset. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Raudeberg

fekk postopneri i 1884 med dampskipsekspeditør Iver Jensen Rødberg som første styrar. Postadressa var Rødberg fram til 1891 då den vart endra til Raudeberg. Postkontoret vart underpostkontor i 1973 og postkontor C i 1977.

Rødberg

– sjå Raudeberg.

Almenning

fekk postopneri i 1888 med gardbrukar Axel O. Almenning som første styrar. I 1921 overtok handelsmann og dampskipsekspeditør Sakarias Dybedal som poststyrar. I 1890 vart adressa endra til Almenningen. Kontoret vart lagt ned i 1993.

Almenningen

- sjå Almenning.

Vågsvåg

fekk eit såkalla ”fiskepostopneri” i 1890 – d.v.s. at postopneriet berre var i verksemd i fiskesesongen om vinteren. I desse åra var det sakførar H. Friis og handelsmann Rasmus D. Halvorsen (sjå denne – Eid kommune) som stod oppførde som poststyrarar. Denne ordninga med sesongope postkontor veit ein var i sving i åra frå 1890 til 1896. Same ordninga er også omtala i året 1901. Vaagsvaagen postopneri vart først skipa med heilårs verksemd i 1902, og då var det sonen til Rasmus D. Halvorsen, Karl Halvorsen, som vart styrar. Han tok i 1919 over faren sin handel og kaiekspedisjon på Stårheim. Systera, Hanna Inselseth, vart då poststyrar i Vågsvåg. I 1917 vart adressa endra til Vågsvågen, og i 1921 til Vågsvåg. Kontoret vart underpostkontor i 1973, postkontor C i 1977 og nedlagt i 1993.

Vaagsvaagen

– sjå Vågsvåg.

Halsøyr. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Halsøyr. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Halsøyr

fekk brevhus i 1931. I 1933 vart postadressa endra til «Halsøyra». Brevhuset vart lagt ned i 1950.

Halsøyra

– sjå Halsøyr.

Vedvik

fekk brevhus i 1931. I 1933 vart postadressa endra til «Vedevik», og det vart lagt ned og innordna under Raudeberg i 1950.

Vedevik

– sjå Vedvik.

Refvik. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Refvik. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Refvik

fekk brevhus i 1931 med poststempel «Revika». I 1933 vart dette endra til «Revikja». Det vart lagt ned i 1950.

Revika

– sjå Refvik.

Revikja

– sjå Refvik.

Silda

fekk postopneri i 1931 med gardbrukar Mons Silden som første styrar. I 1973 vart det underpostkontor, i 1977 postkontor C, og det vart lagt ned i 1997. På øya Silda eksisterte det også ei slags postomdelingsordning i fiskesesongen om vintrane frå ca. 1895. Rasmus M. Johannessen var styrar for denne ordninga fram til den vart lagt ned i 1912.

Husevåg

fekk postopneri i 1935 med lærar Sigurd Husevåg som første styrar. Postopneriet vart underpostkontor i 1973, postkontor C i 1977, og det vart lagt ned i 1997.

Holvik. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Holvik. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Holvik

fekk brevhus i 1948 med poststempel «Ytre Holevik». Det vart lagt ned i 1964.

Ytre Holvik

- sjå Holvik.

Kråkenesbygda

fekk brevhus i 1949 med Kristian Kråkenes som styrar. I 1984 vart det omgjort til postkontor C, og det vart lagt ned i 1989.

Posten på Kvalheim heldt til i landhandelen til Hans Myre. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Posten på Kvalheim heldt til i landhandelen til Hans Myre. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Kvalheim

fekk postopneri i 1952 med telefonstyrar Hans Myre som styrar. I 1973 vart det underpostkontor, og i 1974 vart det lagt ned.

Deknepollen

fekk postopneri i 1957 med Jenny Olsen som første styrar. Ho var også landpostbod på fastlandssida. I 1973 vart Deknepollen underpostkontor, i 1977 postkontor C, og det vart lagt ned i 1998.

Angelshaug

fekk brevhus i 1961. Det vart lagt ned i 1982.

Gangsøy

fekk brevhus i 1965. Det vart lagt ned i 1987.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 19.04.2010