Hopp til innhold
X
Innhald

Posten kom fjordleia

Frå 1848 til 1867 var postkontoret på Loftesnes. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Frå 1848 til 1867 var postkontoret på Loftesnes. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Fram til midten av 1800-talet vart Sogndals-posten send med kurér eller tilfeldige privatpersonar frå innløpet til Sogndalsfjorden og inn til Sogndal. På garden Lunden ute ved fjordmunningen hadde dei rodde postrutene som gjekk aust-vest i hovudløpet av Sognefjorden anløp, Slik var det også kontakt til postruta Bergen-Oslo som gjekk over Gudvangen og Lærdal.

Postkontoret til Loftesnes

Men Sogndal utvikla seg etter kvart til ein administrasjonsstad for mangt og mykje i indre Sogn, og Sogndal postopneri vart opna i 1841 ved sorenskrivargarden på Loftesnes - (les meir om denne i eigen artikkel) i samband med at dampskip vart sette inn i postruta Bergen-Lærdalsøyri og fekk stopp i Lunden ved innløpet til Sogndalsfjorden.

Sogndalsfjøra fekk postkontor i 1867. Foto: Normann. Eigar: Johs. J. Bakken/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Sogndalsfjøra fekk postkontor i 1867. Foto: Normann. Eigar: Johs. J. Bakken/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Til Fjøra i 1867

Den første kjende poststyraren i Sogndal var proprietær H. Irgens på Loftesnes frå 1848. Postopneriet på Loftesnes vart flytta til Sogndalsfjøra i 1867. Med skipinga av Fylkesbaatane i 1858 vart det også meir skikk på postsendingane. I 1849 vart postadressa endra til «Sogndal i Sogn», og først i 1972 vart den endra tilbake til berre «Sogndal».

Postsorteringa flytta til Bergen

Sogndal vart i 1959 omgjort til postkontor med ansvar også for deler av Lærdal postområde. Frå 1970 vart dette ansvarsfeltet gradvis utvida fram til 1997. Då vart desse sentrale funksjonane flytta til Florø. Men i 2006 vart begge postsorteringsterminalane i Sogndal og Florø lagde ned, og postsorteringa flytta til Ålesund og Bergen.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 19.08.2011