Hopp til innhold
X
Innhald

Raudeberg-Kvalheim

Kvalheim. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Kvalheim. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Før vegen Raudeberg–Kvalheim vart opna i 1880, vert det fortalt om strabasiøse reiser for folket på Kvalheim når dei skulle gravleggje folket sitt på gravstaden i Røysa på Raudeberg.

Då måtte dei ta kista ned til sjøen ved Kvalheimsvika, ro ut i ope hav framom Hendanes fyr og kring fjellet Hesten til Vågsvåg, og derfrå ro den lange vegen inn Vågsfjorden og nord Ulvesundet til Raudeberg. Vegen Raudeberg–Kvalheim vart lagd om og utbetra på 1960-talet.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 24.01.2010