Hopp til innhold
X
Innhald

Redningsskøyta

Redningsskøytene R.S. Platou og Det Norske Veritas ved kai i Måløy. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Redningsskøytene R.S. Platou og Det Norske Veritas ved kai i Måløy. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Stasjonen i Måløy kom ein gong i åra 1910–1914. I 1938 fekk basen i Måløy tildelt den første motordrivne redningsskøyta til NSSR: «Andreas Aarø», som også hadde moderne, lukka rorhus i staden for den opne rorbrønnen som seglskøytene var utstyrte med.

Lokal innsamlingsaksjon

Stasjonen i Måløy fekk heilårsbemanning frå 1975 med redningskryssaren ”Bergen Kreds, og fekk i 1987 ein hurtiggåande redningsbåt i tillegg til redningskryssaren. Etter ein lokal innsamlingsaksjon som gav 800.000 kroner, vart den hurtiggåande mobbåten «Stadt» kjøpt inn til stasjonen i Måløy i 1988.

Redningskryssar på Shetland

I samband med dei store Måløy-dominerte fiskeria etter pigghå, lange og brosme kring Shetland på 1960- og 1970-talet, plasserte NSSR i åra frå 1965 til 1977 ein redningsskryssar i Lerwick.

Magne Sætren

I nær på 30 år var Magne Sætren skipper på redningskryssarane som var stasjonerte i Måløy og i Lerwick. I 2005 kom boka «Magne på Statten» (forfattar Helge Gloppen på eige forlag), der Sætren m.a. fortel om uver og utrulege redningsdådar på Stadhavet og i Nordsjøen.

R.S. Platou på oppdrag. Det er hurtigruteskipet Nordstjernen som treng drahjelp. Foto: Torbjørn Fardal, NRK.

R.S. Platou på oppdrag. Det er hurtigruteskipet Nordstjernen som treng drahjelp. Foto: Torbjørn Fardal, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 16.04.2010