Hopp til innhold
X
Innhald

Riksveg 15 gjennom Hornindal

Riksveg 15 i Markane, om lag ved kommunegrensa mellom Stryn og Hornindal. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Riksveg 15 i Markane, om lag ved kommunegrensa mellom Stryn og Hornindal. Foto: Ottar Starheim, NRK.

På 1890-talet vart det bygt skikkeleg køyreveg frå Stryn til Faleide. Der kunne ein kople seg på Den trondhjemske Postveg nordover til Hornindal. Nokre få kilometer av hovudvegen aust-vest gjennom Nordfjord - riksveg 15 - går gjennom Hornindal kommune; frå om lag Kjøs bru til garden Sindre i Markane i aust.

Riksvegen på sørsida av Hornindalsvatnet vart opna i 1911. Dermed var det samanhengande bilveg mellom Stryn og Nordfjordeid. Fram til den utskotne massen frå Kjøshammartunnelen vart nytta til fylling og bru over Kjøspollen i 1965, låg krysset mellom riksveg 15 og riksveg 60 på Fossebakken like aust for Kjøspollen.

Riksvegen gjennom Markane til Stryn vart opna som tofelts veg i 1992 etter at byggjearbeidet hadde gått jamnt sidan 1966.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 11.11.2009