Hopp til innhold
X
Innhald

Riksveg 15 Måløy-Nordfjordeid

I dag er Riksveg 15 mellom Nordfjordeid og Måløy er i dag brei og fin, men heilt til ut på 1980-talet var strekninga frå Stårheim til Måløy smal, svingete og eit mareritt å køyre for tungtransportsjåførane. Foto: Ottar Starheim, NRK.

I dag er Riksveg 15 mellom Nordfjordeid og Måløy er i dag brei og fin, men heilt til ut på 1980-talet var strekninga frå Stårheim til Måløy smal, svingete og eit mareritt å køyre for tungtransportsjåførane. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Alt i 1890 reiste formannskapa i Selje, Davik og Eid kommunar felles krav om at det måtte byggjast veg frå Ulvesundet og innover mot Stårheim.

- Får halde med rideveg

Bakgrunnen for dette var m.a. at torskefisket på kysten opplevde eit eventyrleg oppsving i desse åra, og folk inne frå fjorden hadde trong for å kome seg til og frå kysten, der mange frå fjordane hadde både sjøbuer og båtbruk.

Men vegnemnda i fylket ville ikkje støtte søknaden frå dei tre Nordfjord-kommunane: - Det fekk halde med ein rideveg på denne strekninga, meinte dei. Men truleg vart det reagert sterkt på dette avslaget, for ikkje så lenge etter gjekk vegnemnda inn for å ta prosjektet med i vegplanen.

Det tok 55 år

Det tok 55 år

Men det vart lagt lite vilje bak dette vedtaket: I staden for ein samla plan for heile anlegget, valde ein delløysingar i form av korte vegstubbar bygdene imellom. Det skulle gå 55 år før riksvegen frå Nordfjordeid nådde heilt fram til Måløysundet. Stårheim-Kjølsdalen vart teke opp som bygdevegprosjekt i 1890, men vart ikkje bygd før i åra 1910–1916. Frå gamalt av hadde det gått enkle bygdevegar mellom bygdene Maurstad, Bryggja og Totland, men då Davik kommune i 1899 søkte om same slag stats- og fylkestilskot som Stårheim-Kjølsdalen hadde fått for å byggje veg frå Bryggja til Almenningen, fekk den avslag.

Ferje frå Haus og Maurstad

Riksvegsambandet vestover frå Kjølsdalen var ferdig til Haus i 1928. Derfrå gjekk det ei båtrute/ferje til Måløy. Sambandet vestover til Maurstad vart gjennombrote i 1938, og fram til vegsambandet vest til Deknepollen var gjennombrote i 1943, gjekk det ferje Maurstad-Måløy.

Krigsveg over fjellet

Etter Måløy-raidet i 1941 sette tyskarane mykje inn på å få vegsamband mellom Nordfjordeid og Måløy. Dei bygde då ein mellombels veg over Almenningsfjellet i Vågsøy. Samanhengande køyresamband mellom Nordfjordeid og Måløy var såleis etablert i 1943. Seinare vart den provisoriske «krigsvegen» over øvste fjellet avløyst av tunnel på 335 meter gjennom toppen i 1950.

Vegen fram til Deknepollen vart offisielt teken i bruk som riksveg i 1945. Siste parsellane på riksvegsambandet Måløy-Nordfjordeid vart offisielt overleverte i 1950.

Les også om ferjesambandet Deknepollen-Måløy.

Måløybrua. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Måløybrua. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Ferjefri

Riksvegen Måløy-Nordfjordeid vart ferjefri då Måløybrua på 1224 meter vart teken i bruk 14. desember 1973 – offisielt opna av kong Olav V 11. juni 1974.

To felt

På 1980-1990-talet er riksveg 15 frå Måløy mot Nordfjordeid utbetra til tofelts veg. Siste parsellen Deknepoll-Almenning vart fullført i 2002. I samband med utbetringa av riksveg 15 vart Krokabergtunnelen på 525 meter og Brunsviktunnelen på 707 meter bygde mellom Almenning og Totland.

Brunsviktunnelen. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Brunsviktunnelen. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 16.04.2010