Hopp til innhold
X
Innhald

Riksveg 5 Naustdal-Florø

Brøytebil på Ramsdalsheia rundt 1950. Foto utlånt av Firda Sjåførforening.

Brøytebil på Ramsdalsheia rundt 1950. Foto utlånt av Firda Sjåførforening.

I 1937 gjekk eit knapt fleirtal i Sunnfjord samferdslenemnd inn for at ny riksveg frå Naustdal til Florø skulle byggjast over Ramsdalsheia i staden for å fylgje fjorden utetter. Eitt av argumenta vart at ei fjordline ville verte mykje lengre enn ein veg over fjellet til Agledal og Svarthumle på vestsida. Men i Naustedalen frå Indrekvam og opp til Ramsdalen hadde vegarbeidet starta alt i 1933 som naudsarbeid for arbeidslause.

Forsert av tyskarane

Under krigen sette tyskarane inn opptil 240 mann for å få bygt ferdig det siste riksvegstykket mellom Ramsdal på Naustdals-sida og Eikefjord på vestsida av fjellet.

Frå vegen over Ramsdalsheia på Naustdal-sida. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Frå vegen over Ramsdalsheia på Naustdal-sida. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

På same vis som i ytre Nordfjord, såg okkupasjonsmakta det som svært viktig strategisk å få vegsamband frå fjordbygdene lengre inn og ut til viktige kystsentra som Florø og Måløy.

Men tyskarane fekk lite glede av det nye vegsambandet Florø-Naustdal-Førde, for fjellvegen over Ramsdalsheia vart ikkje teken i bruk før i 1945.

Ramsdalsheitunnelen på Flora-sida. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Ramsdalsheitunnelen på Flora-sida. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Vegen over Ramsdalsheia vart nedlagd som riksveg då Naustdalstunnelen vart opna i 1995. Tunnelen under heia vart stengd for trafikk, men etter krav frå bygdefolk og hytteeigarar vart vegen og tunnelen opna att for sommartrafikk i 2006.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 13.12.2010