Hopp til innhold
X
Innhald

Riksveg 611 Naustdal-Vevring

På vegen mot Vevring får du dette flotte utsynet med Redalsgrend nærmast og Førdefjorden utover mot havet. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

På vegen mot Vevring får du dette flotte utsynet med Redalsgrend nærmast og Førdefjorden utover mot havet. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Vegen frå Naustdal til Andal var ferdig i 1954. Vegbygginga langs fjorden utover til Andal vart i 1946 råka av pengemangel. For å hindre at 40 mann vart oppsagde, lånte kommunen 50.000 kroner til forskottering av anlegget. Vegen frå Naustdal var ferdig vestover til Frammarsvik tidleg på 1950-talet og til Helle i 1956. Helletunnelen som gav samband vestover til Redalen, vart opna i 1958. Vegsambandet Redal-Engebø-Vevring med tre tunnelar var ferdig i 1967.

Frå strekninga mellom Naustdal og Helle. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Frå strekninga mellom Naustdal og Helle. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Rundkøyring til Eikefjord

Sambandet frå Vevring til Horne var ferdig i 1947, og vegen vidare mot Stavang i Flora kommune var ferdig 1968. Rundkøyringa Naustdal-Stavang- Eikefjord-Naustdal kom ved opninga av Osstrupen bru i Høydalsfjorden i 1977. Frå 2009 har vegen fått omgjort statusen sin frå riksveg til fylkesveg. På riksvegen frå Naustdal til Vevring er det i alt seks tunnelar – nemnde frå aust mot vest:

  • Frammarsviktunnelen 76 meter
  • Andaltunnelen 30 meter
  • Helletunnelen 428 meter
  • Redaltunnelen 379 meter
  • Grytatunnelen 272 meter
  • Vevringtunnelen 630 meter.
  • Vevringtunnelen. Foto: Ottar Starheim, NRK.

    Vevringtunnelen. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 13.12.2010