Hopp til innhold
X
Innhald

Riksvegen Førde-Naustdal-Florø

Offisiell opning av vegen Førde-Naustdal i 1937. Foto: Olai Fauske. Eigar: Fauskefondet/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Offisiell opning av vegen Førde-Naustdal i 1937. Foto: Olai Fauske. Eigar: Fauskefondet/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Alt i 1855 bad kommunestyret i Førde veginspektøren om å planleggje og kostnadsrekne ein fire alnar brei køyreveg mellom Førde og Naustdal. Men korkje då eller etter ei ny oppmoding i 1872 skjedde det noko.

I 1891 slo bykommunen Florø seg saman med kommunane Kinn, Førde og Gloppen om å få bygd veg Florø-Eikefjord-Førde og med sidegrein til Hyen, men korkje no eller seinare oppmodingar utover 1890-talet førde til noko. Først i 1910 kom den første løyvinga til vegen Førde-Naustdal, men anlegget stod ikkje høgt i prioritet og det gjekk seint.

Fram til slutten av 1960-talet gjekk vegen til Florø på denne vegen i Jølet mellom Førde kyrkje og Hornnes. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Fram til slutten av 1960-talet gjekk vegen til Florø på denne vegen i Jølet mellom Førde kyrkje og Hornnes. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

I 1929 søkte Førde og Naustdal om pengar til naudsarbeid på vegen fordi det då var 100 arbeidslause i bygdene. I dei neste åra fram gjekk anleggsarbeidet for det mest på naudsmidlar med opptil 67 mann i arbeid samstundes, og vegen stod ferdig i 1937.

Frå arbeidet med den nye vegen over Øyrane med Klettentunnelen i bakgrunnen. Tunnelmassane vart brukte i vegfyllinga. Denne vegen avløyste den smale vegen gjennom Jølet. Foto: Reiakvam.

Frå arbeidet med den nye vegen over Øyrane med Klettentunnelen i bakgrunnen. Tunnelmassane vart brukte i vegfyllinga. Denne vegen avløyste den smale vegen gjennom Jølet. Foto: Reiakvam.

Samanhengande veg frå Førde til Florø vart opna i 1945 då fjellvegen over Ramsdalsheia vart opna. Ny veg Førde-Naustdal vart bygd frå midten av 1960-talet til 1975. I dette anlegget er det tre tunnelar like vest for Førde: Klettentunnelen på 285 meter vart opna 1969, og i 1975 opna Hornnestunnelen på 191 meter og Bjørnsnestunnelen (Roteneset) på 288 meter.

Bomstasjonen på riksveg 5 ved Svarthumle. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Bomstasjonen på riksveg 5 ved Svarthumle. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Bompengar korta ned vegstrekninga

Den 5970 meter lange Naustdalstunnelen vart opna av samferdsleminister Kjell Opseth i 1995 og korta strekninga Førde-Florø ned med 10 kilometer. Heile vegstrekninga Førde-Florø var ferdig utbetra med gul midtstripe i 2005. Arbeidet vart delvis finasiert med bompengar, som vart innkravde i ein bomstasjon på Svarthumle. Bompengeinnkrevinga vart avslutta i mars 2010. Då hadde nesten 6,3 millionar køyrety passert bomstasjonen, og det vart kravd inn om lag 250 millionar kroner i bompengar. I innkrevingstida sysselsette bompengeinnkrevinga åtte personar, fire på heiltid og fire på deltid.

Riksveg 5 ved Grov i Flora. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Riksveg 5 ved Grov i Flora. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 03.12.2010