Hopp til innhold
X
Innhald

Riksvegen rundt Innfjorden

Riksveg 60 mellom Olden og Innvik vart kalla den verste riksvegen i landet. Delar av strekninga var svært smal og svingete, og om sommaren oppstod det stadig kork når straumen av turistar møter vogntog og lastebilar. I 2014 har delar av strekninga fått ny veg. Foto: Ottar Starheim, NRK.

I Nordfjord går bygdene rundt inste delen av Nordfjorden under nemninga Innfjorden. Her gjekk riksvegbygginga føre seg i åra frå 1900 og fram til den siste strekninga mellom Olden og Innvik vart opna av kong Haakon VII i 1936. Heilt fram til då måtte bilane fraktast med båt over fjorden mellom Utvik og Faleide.

Riksvegen Innvik-Utvik

var ferdig i 1906. Dette var den første strekninga på vegsambandet rundt fjorden frå Utvik til Stryn som vart ferdig. Denne vegstrekninga var forholdsvis bein og hadde høg standard sett i høve til andre riksvegar i Nordfjord.

Vegarbeid mellom Visnes i Stryn og Rake ca. 1900. Foto: Jens K. Maurseth. Reproduksjon: Lars R. Lunde.

Vegarbeid mellom Visnes i Stryn og Rake ca. 1900. Foto: Jens K. Maurseth. Reproduksjon: Lars R. Lunde.

Riksvegen Stryn-Loen-Olden

var ferdig i 1909. Det var venta at denne vegen skulle gje stort turisttrafikk frå kaia på Visnes i Stryn og innover til naturattraksjonane i Lodalen og Olden, men slik gjekk det ikkje. Dei fleste turistane kom no med ”flytande” hotell som sette passasjerane i land i Olden og Loen. Dermed kom dei nye hotella ved kaia på Visnes i bakleksa og fekk økonomiske problem. –Les meir om hotellproblema på Visnes i eigne artiklar under: Næring og Historie. Vegen Stryn-Loen-Olden vart utvida til tofelts veg på 1960-talet m.a. med Stavenestunnelen på 333 meter på strekninga Stryn-Loen og Tyvanestunnelen på 197 meter mellom Loen og Olden. Dei første åra vart automobilane møtte med stor skepsis og restriksjonar, med maksimalfart på t.d. 10 km/t, og timekøyring for å unngå møtande trafikk på vegane. Slik timekøyring vart ikkje oppheva før i 1930 på den viktige vegen mellom Stryn og Olden.

Kong Haakon opnar vegen mellom Olden og Innvik 23. juni 1936. Til venstre for kongen står Knud Knudsen som dette året gjekk av som vegsjef i Sogn og Fjordane. Til høgre for kongen står Alf Torp, som tok over som vegsjef i 1936. Ukjend fotograf. © Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Singer gav støtte til Olden-Innvik

Singer gav støtte til Olden-Innvik

Samanhengande veg rundt Indre Nordfjord kom først i 1936 med strekninga Olden-Innvik. Olden-Innvik vart opna av kong Haakon VII den 23. juni dette året med store folkemengder samla kring æresportalen i Innvik. Den amerikanske mangemillionæren William Henry Singer jr. ytte store bidrag til denne vegen. Før den tid hadde trafikken gått med ferje Utvik-Faleide. Dette var, ved sida av ei bilferje på Dalsfjorden i Sunnfjord, den første bilferjestrekninga i Sogn og Fjordane. På strekninga Olden-Innvik ligg den 94 meter lange Vangsbergtunnelen. I 2009 starta ei utbetring av vegen mellom Olden-Innvik. Fram til 2014 fekk tre strekningar ny og brei veg, og det vart bygt to tunnelar, Årholen-Ugla (235 meter) og Agjeldstunnelen (930 meter). Då står det att ei strekning på 5,3 km med smal og svingete veg.

Vegen mellom Olden og Innvik er i 2011 framleis ein flaskehals. Vegen er utbetra på  enkelte strekningar, men mange stader som her er det full stopp når større køyrety møtest. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.

Sist oppdatert: 04.06.2014