Hopp til innhold
X
Innhald

Rutebåten på Breimsvatnet

MB Kvik ved Vassenden i 1909. Truleg vart båten her brukt i samband med eit bryllaup eller ei anna storhending. Lyslo Foto.

MB Kvik ved Vassenden i 1909. Truleg vart båten her brukt i samband med eit bryllaup eller ei anna storhending. Lyslo Foto.

Breim Motorbåtlag vart skipa som eit aksjeselskap og stod bak innkjøpet av motorbåten ”Kvik” som kring 1920 vart sett i passasjer- og godsrute på Breimsvatnet. Like før 2. verdskrig vart den bytt ut med M/B ”Breim” som var bygd ved Austrheim Båtbyggeri på Sandane. Ein ny ”Breim” vart sett inn i rutene på vatnet i 1953.

MB Breim, bygd på Løland Verft i Leirvik, blir frakta frå Gloppefjorden til Breimsvatnet. Her bukserer to lastebilar frå Firda Billag båten gjennom Sandane sentrum Foto: Magnus Løland. © Fylkesarkivet.

Denne andre ”Breim” var ein av dei første stålbåtane som vart bygde ved Løland Verft i Leirvik i Sogn. Båten vart frakta opp frå Sandane på ein spesialtilhengar som vart dregen av to lastebilar. Få år seinare vart ”Breim” slippsett i fjæra på Reed og skøytt på om lag ein meter.

Det ser ut som mjølkebilen til Firda Billag er i største laget for MB ”Breim”, men det gjekk akkurat. Foto frå Firda Sjåførforening si biletsamling.

Det ser ut som mjølkebilen til Firda Billag er i største laget for MB ”Breim”, men det gjekk akkurat. Foto frå Firda Sjåførforening si biletsamling.

Ein av dei viktigaste transportane med ”Breim” var den daglege mjølketransporten frå dei veglause bygdene kring vatnet. Mjølkebilen var stasjonert i Kandal. Der var det ein enkel ferjelem slik at mjølkebilen kunne køyre fullasta om bord på den vesle rutebåten. Rutene med ”Breim” vart innstilte då Kandal fekk vegutløysing i 1969. Same året vart også skulen i bygda lagd ned. Båten vart først kjøpt av ein privatmann som freista å drive den som turistbåt på Breimsvatnet. Etter eit par år vart den seld til Hennebygda der den vart brukt som rutebåt og til mjølketransport til Sandane fram til Hennebygda fekk vegutløysing til Lote i 1981. Den heitte då ”Hennefjord”.

I 1995 starta det nyskipa selskapet Midtkandal Fjordservice AS på ny skyssbåttrafikk på Breimsvatnet med endå ein motorbåt med namnet ”Breim”, men då var det berre tale om turisttrafikk om sommaren.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.

Sist oppdatert: 12.01.2011