Hopp til innhold
X
Innhald

Rutebilane i Brekke

Rutebilane i Brekke. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Rutebilane i Brekke. Foto: Ottar Starheim, NRK.

I 1947 fekk den nordre luten av Gulen kommune - den som fram til 1964 utgjorde Brekke kommune - sitt eige rutebilselskap. Det året starta Henrik O. Ynnesdal «Rutebilane i Brekke» og fekk konsesjon på bilrute Ynnesdal-Brekke.

Same året hadde Høyanger Meieri starta mjølkebåtrute frå Brekke til Høyanger, og det var primært for å drive mjølkeruta Ynnesdal-Brekke at Henrik O. Ynnesdal skaffa seg bil og løyve i 1947. Han fekk også postkøyring, og spedde elles på med tilfeldig transport i bygdene. Sonen Håkon Ynnesdal var sjåfør, og han overtok konsesjonen etter faren i 1959.

Kjøpte brøytebil

Vegen over Dalefjellet mellom Brekke og Ynnesdal var vanskeleg å halde open om vinteren. Difor vart det i 1952 kjøpt inn ein beltebil for m.a. mjølketransporten. Den vart i 1956 bytt ut med ein firehjulsdriven brøytebil.

I 1960 kjøpte Rutebilane i Brekke sin første 30-seters buss, og ut over 1960-talet vart skuleruter ei viktig oppgåve.

Rutebilane i Brekke bygde stort garasjeanlegg med verkstad og bensinstasjon i 1970 (sjå bilete øvst på sida).

Fleire store transportoppdrag

Fleire store transportoppdrag

Selskapet hadde også store transportoppdrag då vegen og tunnelane mellom Brekke og Instefjord vart bygde på 1960-talet. Då Bergensmeieriet tok over Gulen som leveringsdistrikt i 1967, fekk Rutebilane i Brekke all mjølketransport til ferjekaia i Duesund frå Brekke, Gulen og delar av Masfjorden.

Då Bergensmeieriet la om til gardstank i 1978, fekk selskapet utvida distriktet for mjølkekøyring, og skaffa seg også stor tanktrailer for transport av mjølka til Bergen.

Rutebilane i Brekke hadde i 2002 fire tilsette, sju bussar og minibussar og to lastebilar. Henrik Ynnesdal i tredje generasjon har vore disponent sidan år 2000.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 28.07.2010