Rutebilane i Vik

Dette er første lastebilen i Vik. Eigar og sjåfør Leiv Larsen sit framme på panseret. Mannen som står på lasteplanet er Helge Turvoll. Dei andre har vi ikkje namn på. Ukjend fotograf. Eigar: Marit Skrenes/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.
Sogn Billag L/L starta rutedrift i Vik i 1942. Då overtok dei transportforretninga som
Leiv Larsen og seinare broren Finn hadde drive sidan 1928.
Leiv Larsen var den første som eigde bil i Vik, og i 1930 starta han drosje med ein bil som han kjøpte frå ein norsk-amerikanar som var heime og viste fram «dollargliset» sitt.
Finn Larsen vart avdelingsstyrar for Sogn Billag. Første tida vart lastebilar med benkar på lasteplanet nytta til rutekøyring. I 1946 kom første bussen til Vik.

Ragnvald Nilsen var den første tilsette sjåføren i Sogn Billag i Vik. Her er han fotografert tidleg på 1950-talet. Foto frå Pridlao. Ukjend fotograf. Eigar: Johs. Brekke.
Sogn Billag dreiv også drosjane i Vik (og Sogndal) fram til 1952. Billaget starta faste ruter over den nyopna Vikafjellsvegen i 1957 med fire daglege ruter.

Bussen til Voss er klar til avgang. Ukjend fotograf. Eigar: Sogn Billag.
Kjelder
Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane
Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014).
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.
Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.
Sist oppdatert: 08.06.2011