Hopp til innhold
X
Innhald

Rutebilselskap i Luster

Dette biletet er teke i 1935 utanfor Eikum Hotell på Hafslo. Ukjend fotograf.

Dette biletet er teke i 1935 utanfor Eikum Hotell på Hafslo. Ukjend fotograf.

Dei første bilrutene mellom Sogndal og Hafslo/Gaupne/Jostedal vart starta i 1916.

Dei første par åra gjekk rutebilen berre ein gong i veka til Jostedal, men hadde problem med å ta seg fram på den berre 2,5 meter breie vegen. Dette første til at fylket tidleg prioriterte utviding av Jostedalsvegen.

Bussen som trafikkerte  vegane i Jostedalen før krigen, Jostedalsruta. Her har bussen frakta jostedøler til Turtagrø sommaren 1938. Sjåfør er Håkon Elvekrok. Ukjend fotograf. Eigar: Marit Elvekrok/Fylkesarkivet.

I 1920 vart Jostedalsbreens turisthotell bygt. Ein av interessentane var hotelleigar Peder J. Næss ved Hofslund Hotell i Sogndal. Han var også pådrivaren for å starte billag og bilruter, m.a. for turisttrafikk til Jostedalen.

Les også om Indre Sogns Automobilselskap A/S og Indre Sogns Automobillag i artiklane Den første rutebilen i Sogndal og Sogn Billag L/L.

Alvorlege ulukker har det vore få av i rutebilferdsla i Luster. Men her er det snakk om hell i uhellet. Denne bussen frå Sogn Billag hamna utfor vegen ved Okleviki på Hafslo på glatt føre på slutten av 1940-talet. Ukjend fotograf. Eigar: Fjord1 Sogn Billag/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 

Sist oppdatert: 29.03.2011