Hopp til innhold
X
Innhald

Rutebilselskap

Firda Billag-bilar på Sandane på 1930-talet. Foto utlånt av Firda Sjåførforening.

Firda Billag-bilar på Sandane på 1930-talet. Foto utlånt av Firda Sjåførforening.

Den første automobilen

Gabriel L. Bjørnereim frå Breim var truleg den første som kjøpte seg bil i Sogn og Fjordane.

Fjordenes Automobilselskap

- sjå Firda Billag under Førde kommune.

Firda Billag

vart skipa i 1920 - sjå Firda Billag under Førde kommune.

Ein del av bilparken til Firda Billag på Sandane i 1954. Foto: Lyslo.

Ein del av bilparken til Firda Billag på Sandane i 1954. Foto: Lyslo.

Rutebilstasjonen på Sandane i 2007. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Rutebilstasjonen på Sandane i 2007. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Hyen Billag

vart skipa i 1936 av Anders Hjorteset. To år før hadde vestre Hyen fått køyreveg ned til fjorden ved Straume då vegen langs Hopsvatnet var ferdig. Det lokale billaget hadde all transport av varer og passasjerar i både vestre og austre Hyen fram til Firda Billag tok over vognpark og ruter i 1950. Dottera til Anders Hjorteset, Alvhild Aa, (sjå denne under Kjende personar i Gloppen fødde år 1900-1930, fødselsår 1916, var truleg den første kvinnelege sjåføren i eit norsk rutebilselskap då ho vart sjåfør i Hyen Billag i 1936.

Sjåfør Svein Olav Birkeland (t.h.) og sjåførlærling Martin Heimsæter framfor ”Stallane” i Straumsholmen med dei to Ford V8-lastebilane til Hyen Billag. Ukjend fotograf.

Sjåfør Svein Olav Birkeland (t.h.) og sjåførlærling Martin Heimsæter framfor ”Stallane” i Straumsholmen med dei to Ford V8-lastebilane til Hyen Billag. Ukjend fotograf.

Andre bussruter

På Sørstranda i Gloppen dreiv Johan Rygg (1904–1972) lokale bussruter ei tid. I 1972 overtok Firda Billag rutene og dei to bussane.

Ein av dei to bussane til Johan Rygg.

Ein av dei to bussane til Johan Rygg.

Samband i dag

I dag har Gloppen kommune m.a. ekspressbussamband fleire gonger dagleg mot Ålesund, Trondheim og Bergen, og fleire daglege ruter frå Anda på kortbanenettet.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 12.01.2011