Ruteselskap i Vågsøy

Eitt av skipa til Maaløy Ruteselskap - Blaaøy - på veg til hamn i Bergen. Foto utlånt av Ørnulf Blaalid.

Maaløy Ruteselskap
vart skipa i 1923 og dreiv med godsruter og fisketransport Ålesund-Måløy–Bergen med skipa «Enos», «Blaaøy», «Blaaegg» og «Blaahav». Selskapet gjekk inn på 1970-talet.
Post- og passasjerfrakt
Karl Lofnes dreiv post- og passasjerrute frå Måløy og innover Nordfjord i mellomkrigstida. Seinare kom også Skipenes & Søn i Måløy inn i denne rutetenesta.
Samuel Sørland
frå Naustdal i Eid starta på 1920-talet dei første rutebilane på Vågsøy. Han bygde også kafèen «Tungalda» ved Refviksanden.

Reinh. Solstad Rutebiltrafikk
skipa 1932 av R.S. Dreiv rutebiltrafikk mellom Måløy og bygdene i Nord-Vågsøy.
Henrik Myhre
dreiv eige ruteselskap med bussar og lastebilar i trafikk i Nord-Vågsøy frå krigen og fram til 1960-talet, då Nordfjord og Sunnmøre Billag tok over.
Olaf Lillebø
frå Måløy starta på 1930-talet ruteselskap med bussrute mellom Oppedal, Torskangerpoll og Måløy i Sør-Vågsøy.
Kjelder
Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane
Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014).
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.
Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.
Sist oppdatert: 16.03.2011