Saltvegane

Fodnes er i dag ferjestad, men i eldre tider gjekk det ein såkalla saltveg frå dette neset og over fjellet til Filefjell. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.
Når folket i Austlands-dalane reiste vestover for å byte til seg salt, fylgde dei «saltvegen» over høgfjellet frå Filefjell til Fodnes ytst på halvøya mellom Lærdalsfjorden og Årdalsfjorden.
Framleis kan ein sjå merke i fjellet etter den gamle saltvegen. Frå Saltvegane var det avstikkarar ned i dalen både til Borgund, Ljesne og Lærdalsøyri.
Kjelder
Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane
Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014.
I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. Dette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til den nye eigaren.
Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane.
Sist oppdatert: 10.05.2011