Samferdsle i Askvoll

Seks bruer knyter Bulandet og Værlandet saman. Biletet er teke austover mot Værlandet, vi ser Høgkletten (163 m.o.h.) i øvre venstre biletkant. Øya med mykje dyrka areal er Melvær. Nærast ser vi brua over Olssundet. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK
Opninga av Folkelånsvegen i 1979 vart den viktigaste milepælen for samferdsla i Askvoll: Vegen gav endeleg Askvoll-halvøya ferjefritt vegsamband med omverda. Særleg for Stongfjorden og dei andre grendene i den nordlege luten av kommunen vart det ein heilt annan kvardag då dei fekk vegsamband mot Førde og slapp å køyre den lange rundturen om Dale med ferje over Dalsfjorden for å kome dit. For øysamfunna Bulandet og Værlandet var det eit stort framsteg då seks bruer knytte dei saman i 2003.

Frå den tida hesten var framkomstmiddelet i Holmedal.
Vegar i Askvoll
Heilt fram til Folkelånsvegen vart opna mot Førde i 1979 var Askvollhalvøya utan vegsamband med omverda. Askvoll var såleis den siste fastlandskommunen i fylket som måtte vente lengst på vegutløying. Og i 2013 kom også brua over Dalsfjorden som bind Askvoll saman med Fjaler.

Bilferja Dalsfjord på Vilnesfjorden på veg frå Askvoll til Værlandet. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.
Ferdsla på sjøen i Askvoll
I den tida då Fylkesbaat-rutene var ”riksveg nr. 1” i Sogn og Fjordane, var kaia i Askvoll eitt av dei viktigaste knutepunkta for fjordrutene med opptil 26 rutestopp i veka.
Dei første ferje- og bussrutene
Askvoll-halvøya var heilt fram til Folkelånsvegen vart opna mot Førde i 1979 utan vegsamband med omverda. Biltrafikken til og frå gjekk med ferja over Dalsfjorden frå Eikenes aust for Holmedal.

Geita fyr. Foto: Sven Poulsson, frå boka Norges fyr.
Fyrstasjonar i Askvoll
- Geita fyrstasjon vart bygd i 1897. Geita vart automatisert i 1980 og fråflytta i 1982.
- Rauøy fyr vart bygt i 1891, nedlagt som bemanna fyr i 1932 og erstatta med to fyrlykter.
- Sjå også: Fiskerifyra kring Flora.

Rauøy fyr.
Lokale transportselskap:
- Ingolv Haaland, starta i 1937 lastebilruter mellom Holmedal, Askvoll og Stongfjorden.
- Georg Loftheim dreiv frå 1939 drosjebil i Askvoll. Han dreiv også sjuketransport.
- Tarald Solheim dreiv i åra etter krigen lastebiltransport med vareruterkring Askvoll.
- Sigmund Vik starta i 1946 drosjekøyring i Askvoll.

På 1940-talet var det ikkje mange bilar på vegane i Askvoll, og risikoen for kollisjon var kanskje ikkje så stor. Men her har likevel to drosjebilar støytt saman i ein sving. Foto: Abraham Strømmen. Eigar: Marie Follevåg/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.
Posten i Askvoll
Askvoll sentrum fekk postopneri i 1856 med Henrik Paasche som første poststyrar.
Telefon i Askvoll
Askvoll fekk telegrafstasjon kring 1885 og rikstelefon i 1903.
Kjelder
Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane
Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014).
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.
Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.
Sist oppdatert: 13.12.2013