Hopp til innhold
X
Innhald

Samferdsle i Fjaler

Dale ferjekai med bilferja Florøy. I mange år har folk i Fjaler og Askvoll venta på at ferja skal bli avløyst av brua over Dalsfjorden. Brua kjem til å vise godt igjen til høgre for ferja. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Sjølv om den store ”halvøya” mellom ytre Sognefjorden og Dalsfjorden fekk ein av dei første skikkelege vegane i fylket då Den trondhjemske Postvei vart opna kring 1790, så vart det denne store regionen som måtte vente lengst på å få moderne vegsamband til omverda. Først i 1958 vart nemleg riksvegen til Bygstad på sørsida av Dalsfjorden opna, og same året vart det knytt vegsamband mellom Lavik og Vadheim ved Sognefjorden.

Vegar i Fjaler

Les mellom anna om Den trondhjemske Postvei gjennom Fjaler og om den langvarige kampen for bru over Dalsfjorden.

Skulebuss ved Hellevik. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Skulebuss ved Hellevik. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Lokale rutebillag

På 1930-talet vart det skipa to rutebillag i Fjaler.

Ferdsla på fjorden i Fjaler

– skysstasjonar, stoppestader, ferjesamband og andre båtruter.

Frå den tida det aller meste av trafikken til og frå Dale gjekk over kaikanten. Dagens høgdepunkt var når rutebåten frå Bergen klappa til kai. Biletet er teke i 1925. Ukjend fotograf. ©Fylkesarkivet.

Frå den tida det aller meste av trafikken til og frå Dale gjekk over kaikanten. Dagens høgdepunkt var når rutebåten frå Bergen klappa til kai. Biletet er teke i 1925. Ukjend fotograf. ©Fylkesarkivet.

Posten i Fjaler

Det første postkontoret i noverande Fjaler kommune kom i Dale i 1837. Før det var kontoret på Sveen i Bygstad.

Telefonen i Fjaler

Først då det vart bygt rikstelefonline til Førde i 1902 at Dale og bygdene i kring vart kopla til telenettet.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.

Sist oppdatert: 21.10.2010