Samferdsle i Høyanger

Vegen mellom Høyanger og Nordeide vart opna i 1934. Her står to bussar klare til avgang ved verksporten, truleg på 1930-talet. Foto: Eugene Nordahl-Olsen. Utlånt av Firda Sjåførforening.
Vadheim ligg i sørenden av ei ”låglandsline” som går samanhengane gjennom dalar og utan fjellovergangar heilt frå Sognefjorden til Nordfjord. Det var såleis topografien som var avgjerande då Vadheim utvikla seg til det viktigaste trafikknutepunktet for Fylkesbaatane i Sogn på slutten av 1800-talet. Her korresponderte skipa med turistskyssen som gjekk nordover til Sandane, og langs denne ruta vart den første skikkelege bilvegen nord-sør i fylket bygd. I dag har Høyanger kommune daglege ekspressbåtsamband med Bergen. Ekspressbussane Bergen-Trondheim trafikkerer E39 Vadheim-Lavik fleire gonger dagleg, og Høyanger har også korresponderande bussamband mot ekspressbussane som trafikkerer mellom Oslo og Sogn og Fjordane fleire gonger dagleg.

Ferdamannen er eit minnesmerke over det trafikknutepunktet som Vadheim ein gong var. Foto: Ottar Starheim, NRK.
Gamle ferdslevegar i Høyanger
Frå gamalt av var det fire ferdslevegar nordover til Gaular.
Vegsambandet Vadheim-Sunnfjord
Arbeidet med utbetring av den gamle vegen gjennom Ytredalen starta kring 1800, og i 1837 vart ny køyreveg Vadheim-Sande-Førde opna.
E39 mellom Vadheim og Lavik
Samanhengande veg Vadheim-Lavik kom først i 1960, då den siste parsellen på strekninga var ferdig: Det var den gamle Bogentunnelen på 636 meter.
Høyangertunnelen
Høyangertunnelen på 7543 meter vart opna i 1982 av Kong Olav V. Med Høyangertunnelen fekk indre Sogn heilårs vegsamband med resten av fylket utan den lange ferjestrekninga Kongsnes-Nordeide.
Andre køyrevegar i Høyanger
Ferdsla på fjorden i Høyanger
I 1648 vart skyssordninga i Noreg organisert. Det vart skipa skysstasjonar langs kyst, fjordar og i dalføra, og innført skyssplikt.
Vadheim vert knutepunkt
Då Fylkesbaatane starta dampskipsrutene på Sogn i 1858, kom Vadheim inn som stoppestad for dei første sognerutene.
Fjordenes Automobilselskap
I 1912 rulla den første bilen mellom Sandane og Vadheim.
A/S Vadheims Automobilselskap
I mars 1914 skipa fem menn frå Kyrkjebø kommune A/S Vadheims Automobilselskap.
Jernbaneplanane i Sogn og Fjordane
Sjøflyruter i mellomkrigstida?
Eldre folk i Vadheim minnest at ei ung kvinne som heitte Gidsken Jakobsen dreiv ei form for ruteflyging til Vadheim i mellomkrigstida.
Post i Høyanger
Lavik var mellom poststadene då den første postruta langs Sognefjorden starta i 1836. I 2010 vart postkontoret i Høyanger lagt ned, og dermed har alle innbyggjarane i kommunen post i butikk-teneste.
Telefon i Høyanger
Frå første telegraflina vart strekt gjennom fylket i 1859, og frå Lærdal stasjon opna, skulle det gå 45 år før Høyanger kommune fekk telefonsamband.
Kjelder
Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane
Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014).
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.
Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.
Sist oppdatert: 01.09.2010