Samferdsle i Stryn

Riksveg 15 i Hjelledalen med Videseter og dalføret der gamle Strynefjellsvegen går til høgre i biletet. Den nye Strynefjellsvegen som stod klar i 1978 går i tre tunnelar, den første går inn i fjellmassivet til venstre like under Videseter. Foto: Ottar Starheim, NRK.
Veghistoria i Stryn er først og fremst prega av tre faktorar: Den trondhjemske Postvei frå slutten av 1700-talet, turistvegane som vart bygde frå 1880-åra og utover, og kampen om ein moderne heilårsveg over Strynefjellet, som etter årelang kamp vart opna av kong Olav V i 1978.
Vegar i Stryn
Frå ferdslevegane over Strynefjellet via Den trondhjemske Postvei gjennom Markane og til dagens rilsveg 15 over Strynefjellet.
Frå hesteskyss til rutebildrift
Strynefjellsvegen vart opna i 1894, og då Gudbrandsdalsbana vart opna fram til Otta i 1896, var det mange stryningar som vart skysskuskar på strekninga frå Hjelle i Oppstryn og over til Ottadalen.
Nordfjord og Sunnmøre Billag L/L
vart skipa i 1914.
Nordfjord og Søndmøre Automobilselskap
– Nordfjord og Sunnmøre Billag L/L.
Stryns Auto
– Nordfjord og Sunnmøre Billag L/L.
Arne Nesdal transport
– Nordfjord og Sunnmøre Billag L/L.
Vestgods A/S
– Nordfjord og Sunnmøre Billag L/L.
Fjord 1 Nordfjord
– Nordfjord og Sunnmøre Billag L/L.
Nettbuss Nordfjord – Ottadalen
– Nordfjord og Sunnmøre Billag L/L.

Firda Billag har i alle år hatt ansvaret for rutene i delar av Stryn kommune. Dette er rutebilstasjonen på Sandane. Foto: Ottar Starheim, NRK.
Firda Billag
har frå starten i 1920 hatt rutetrafikken på sørsida av Nordfjord, i dei bygdene på sørsida av fjorden som tilhøyrde tidlegare Innvik kommune. Dei første åra vart automobilane møtte med stor skepsis og restriksjonar, med maksimalfart på t.d. 10 km/t, og timekøyring for å unngå møtande trafikk på vegane. Slik timekøyring vart ikkje oppheva før i 1930 på den viktige vegen mellom Stryn og Olden.
Jernbaneplanar
med «stamjernbane» frå Bergen til Trondheim over Strynefjellet var sterkt på tale kring 1. verdskrig. Sjå «Jernbaneplanane i Sogn og Fjordane».

Anders G. Wigdahl: Fra Fosnæs - Oppstryn 1895. © Blomquist Kunsthandel. På dette måleriet ser vi ein dampbåt på Strynevatnet på veg mot Fosnes. Vi kjenner att Hjellehyrna, og båten har vore innom Erdal på turen frå Hjelle til Mindresunde.
Ferdsla på fjord og vatn i Stryn
I tillegg til Fylkesabaatane har ei rekkje lokale reiarlag drive rutetrafikk med båt både på fjorden og på vatna i Stryn kommune.
Flyplassplanar
Markane var eitt av alternativa då småflyplassnettet i Sogn og Fjordane vart bygd ut på 1970-talet. Anda ved Sandane gjekk av med sigeren. Sidan har det ved fleire høve vorte reist krav om flyplass i Markane frå reiselivsnæringa i Stryn kommune.
Fjordfly
på Sandane – seinare Firdafly – starta midt på 1970-talet rundflyging med turistar frå flykaia si i Loen. Flygingane vart innstilte i 1999. I 2006 var det politisk strid i Stryn kommune om ein skulle tillate rundflyging med turistar i Stryn kommune. Det var også usemje om kor mange helikopterlandingsplassar det skulle vere i kommunen.

Eitt av helikoptera til Helikopter Utleie AS. Foto: Roger Vik.
Helikoptertransport
På Tyvaneset ved Loen er det bygt landingsplass for små luftfarty. - Les eller under Næring, artikkelen: Helikopter Utleie AS.
Post i Stryn
Stryn sentrum fekk postopneri i 1861 med lensmann Gullik B. Mugaas som første styrar.
Telefon og telegraf i Stryn
Stryn fekk telefon i 1893. Fram til 1907 var det eit privat selskap som bygde ut telegraf- og telefonsamband.
Kjelder
Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane
Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014).
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.
Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.
Sist oppdatert: 26.04.2012