Hopp til innhold
X
Innhald

Sandane lufthamn

Inn for landing på Sandane Lufthamn Anda. Foto: Ole Martin Rafshol.

Inn for landing på Sandane Lufthamn Anda. Foto: Ole Martin Rafshol.

Flyplassen på Anda vart opna 1975. Anda vart valt som småflyplass for Nordfjord etter vurdering av Markane i Stryn, Bjørlomona i Eid og Mona ved Sandane sentrum.

Det skulle tidleg vise seg at flyplassen hadde vanskelege innflygingsforhold med mykje turbulens. Fleire gonger skapte turbulens og dårlege navigasjonsforhold «nesten-ulukker». Flyforholda var radikalt betra då det vart installert betre radiofyr og montert «lysgater» i fjellsidene omkring flyplassen, som letta innflyginga.

Widerøes Flyveselskap ASA har sidan starten hatt rutene på småflyplassen i Nordfjord.

I 2009 starta eit stort arbeid med å forlenge rullebana på Sandane Lufthamn med 160 meter. Det vart investert rundt 150 millionar kroner i oppgradering av flyplassen. I samband med arbeidet vart Sandane Lufthamn stengd frå 1. mars til 26. august 2010.

Flyplassbygningen på Anda. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Flyplassbygningen på Anda. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 11.01.2011