Hopp til innhold
X
Innhald

Seglingsleia i Måløysundet

Før 1951 kunne båtane gå vest for Moldøen. Foto: Askeland.

Før 1951 kunne båtane gå vest for Moldøen. Foto: Askeland.

Heilt frå dei eldste tider gjekk det meste av skipstrafikken gjennom Måløystraumen på vestsida av Moldøen. Skipa navigerte seg gjennom det trange sundet med hjelp frå ei fyrlykt på Seternes.

Arbeidet med utmudring av det austre løpet i Måløystraumen starta i 1940. Skipsløpet skulle verte 50 meter breitt og 10 meter djupt. Skipsleia gjennom det austre løpet vart opna den 9.juli 1948. Det vestre løpet vart stengt med ein molo i 1951. Moloen gav god livd for hamna innanfor.

Etter mange grunnstøytingar og forlis vart det austre løpet utvida fleire gonger. Det vart sprengt ut eit reserveløp på 50 meters breidd og sju meters djupn i åra frå 1957 til 1963, og hovudløpet vart på 1970-talet utvida til 70 meters breidde.

No er det vestre løpet i Måløysundet stengt av ein molo, og all skipstrafikken går aust for Moldøen. Midt i biletet fiskerikaia. Foto: Arild Nybø, NRK.

No er det vestre løpet i Måløysundet stengt av ein molo, og all skipstrafikken går aust for Moldøen. Midt i biletet fiskerikaia. Foto: Arild Nybø, NRK.

I 2011 vart eit omfattande arbeid med å gjere farleia djupare ferdigstilt. Rundt 90.000 kubikkmeter masse vart fjerna frå Måløysundet og Trollebøflua.

Fiskerikaia på Moldøen vart bygd i fleire etappar frå 1969 til 1989. Den første delen var piren som stikk ut i hamnebassenget, og dei siste byggjestega var landkaia.

Kystdirektør Kirsti Slotsvik opnar den utvida farleia gjennom Måløysundet i 2011. Til venstre kystdirektør John Erik Hagen, til høgre hamnedirektør Håkon Olsen i Nordfjord havn og ordførar i Vågsøy, Roger B. Silden. Foto: Kystverket.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.

Sist oppdatert: 24.08.2011