Hopp til innhold
X
Innhald

Sjøflyruter i mellomkrigstida?

Sjøflyet til Gidsken Jakobsen ved Kvikne´s Hotel i Balestrand midt på 1930-talet. Ukjend fotograf. Eigar: Astrid Geithus/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Sjøflyet til Gidsken Jakobsen ved Kvikne´s Hotel i Balestrand midt på 1930-talet. Ukjend fotograf. Eigar: Astrid Geithus/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Eldre folk i Vadheim minnest at ei ung kvinne som heitte Gidsken Jakobsen dreiv ei form for ruteflyging til Vadheim i mellomkrigstida. Kvinna som var dotter av ein velståande trelasthandlar i Narvik, hadde kjøpt seg sjøfly. Om sommaren landa dette flyet dagstøtt i Vadheim for å ta på og setje av passasjerar, og flyet tok truleg også med seg aviser.

Også folk innover Sognefjorden, heilt til Årdal, kan minnast Gidsken Jakobsen og flyet, men her må det takast atterhald om at det kan ha vore taxiflyging, d.v.s. flyturar på bestilling, som Gidsken Jakobsen dreiv, og ikkje faste flyruter.

Historia om då Gidsken Jakobsen med to menn om bord miste flymotoren i 900 meters høgde over Sognefjorden kan du lese om under Balestrand kommune.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 19.11.2009