Sjørettar og beiterettar i gamal tid

Sandane, der jølstringane hadde sjørett. Vi ser ein del av Breimsvatnet, og midt på biletet ser vi Byrkjelo og nordenden av Våtedalen. Foto: Cosmin Cosma, NRK.
Frå gamalt av hadde folket i inste Jølstrabygdene sjørettar på Sandane: Gamle brev frå middelalderen fortel at jølstringane hadde fritt tilgjenge til sjøen ved Holvik. Her skulle dei og breimingane ha både naustrett og beiterett for hestane sine.
Tilsvarande rettar finn vi t.d. for folket i innlandbygda Hafslo i sjøbygdene Marifjøra og Solvorn i Luster kommune.
Strid om hestebeite
Også i begge endar av Jølstravatnet – på Skei og Vassenden – var det lagt ut ein bygdealmenning som hestebeite. I lang tid var det strid om kven som hadde eigedomsretten til desse hestebeita. Lenge kravde folk i nedre Jølster- d.v.s. dei som sokna til Ålhus-kyrkja – at dei hadde eigedomsrettar i beitet på Skei.
Striden la seg ikkje før i 1912. Då vart eigedomsretten i hestebeita ordna etter kyrkjesokna: Skei høyrde til Helgheim, og Vassenden til Ålhus.
Kjelder
Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane
Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014.
I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. Dette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til den nye eigaren.
Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane.
Sist oppdatert: 22.12.2010