Hopp til innhold
X
Innhald

Skjerjehamn - knutepunkt for dampskipa

Skjerjehamn i 1899. Ukjend fotograf. Eigar: Odd A. Midttun/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Skjerjehamn i 1899. Ukjend fotograf. Eigar: Odd A. Midttun/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Sjølv om Skjerjehamn hadde vore fast hamn for jekter og andre skip som sigla langs kysten, så var det rutebåtane som kom til å setje Skjerjehamn på kommunikasjonskartet frå kring 1850 og dei komande 100 åra, då dampbåtrutene dominerte ruteferdsla på Vestlandet.

Det starta alt i 1839, då Staten sette dampskipet «Bjørgvin» inn i postruta Bergen-Lærdalsøyri (Dei første dampbåtrutene). Frå 1843 kom hjuldamparen «Constitutionen» i same ruta og stoppa i Skjerjehamn. Herfrå vart posten m.a. sendt vidare nordover i fylket.

Også kystruta Kristiansand-Bergen-Trondheim, som starta i 1848 med dampskipet «Prinds Carl», hadde av og til stopp i Skjerjehamn. I 1856 gjorde futen Johan Widing Heiberg Landmark ein mislukka freistnad på å få stoppestad for dampskipet «Patriot» i Grønevik, slik at dette slapp å gå heilt inn til Eivindvik.

Knutepunkt for ferdafolk

Dei første postrutene på Sogn var ustadige, og det var først då Fylkesbaatane vart skipa i 1858 at det vart skikk på dampskipsrutene mellom Bergen og Sogn og Bergen og Fjordane.

Skjerjehamn vart første stopp for alle Fylkesbaatane sine skip på nordgåande, og eit knutepunkt for omstiging for ferdafolk som skulle skifte frå rutebåtar som gjekk på Sogn og båtar som gjekk på Fjordane. I 1885 hadde Skjerjehamn kome opp i 14 rutestopp i veka, og i 1929 hadde staden 17 rutestopp i veka av fjordabåtane i tillegg til lokalruter.

Men sjølv om staden hadde daglege rutesamband, var ikkje rutene betre samordna enn at ferdafolk måtte overnatte på dette skysskiftet. Fram mot 1940 vart talet på stopp mykje redusert fordi Skjerjehamn tapte posisjonen som korrespondansehamn for båtrutene. På 1950-talet var Skjerjehamn så godt som ute av rutelistene til Fylkesbaatane.

Les også om:

Skjerjehamn i 2007. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Skjerjehamn i 2007. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 30.07.2010